Storinnsats frå elevar i Rekvika

Her ser du storfangst etter strandrydding på under ein time. Det er elevar frå Ulvestad barneskule som har rydda godt opp i Rekvika.
Nyheter

– Vi har strandrydding med jamne mellomrom. Til no i år har vi rydda tre ulike lokalitetar i Volda kommune og Vanylven kommune, fortel rektor Bjørn Breivik.

Elevane har vore i Torvikfjøra, Ulvestadfjøra og – som vist på biletet – i Rekvika i Vanylven.

– Her rydda vi 15 – 16 sekkar med plast og anna skrot på under ein time! Bra jobba av ein gjeng på 15 – 16 elevar pluss vaksne.

På biletet ser de mange av elevane og dei vaksne etter endt aksjon. Skremande. Området var om lag 50 x 50 meter. Det er vel ein grunn til at det heiter Rekvika, påpeiker Breivik.

Han fortel at skulen samarbeider med Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Frivilligheitssentralen i Volda og grendalaget i Vanylven.