Eid var godt nøgd med å få eliteserielaget KBK i cupens 3. runde på Høddvoll komande torsdag.

Det bør gje gode pengar i kassa, og kanskje kan Hødd gje favoritten kamp?

– Vi burde ha vunne heime mot Vard, og vi burde ha teke poeng mot KFUM borte. Så no treng vi så absolutt tre poeng mot det unge VIF 2-laget. Dei kjem med «kremen» av unge spelarar frå Oslo-distriktet, og er ballsterke. Men vi veit at vi må attende på vinnarsporet att umiddelbart, så her skal vi mobilisere maksimalt. Utan tanke på cupkampen tre dagar seinare, lover trenaren.

Som gler seg over at spissane Robin Hjelmeseth og Magnus Myklebust er attende etter lange skadefråvær, sjølv om dei truleg startar på benken mot VIF 2.