Sindre Eid før Hødd-VIF 2:

– Det er tidleg å seie at dette er ein kamp vi MÅ vinne, men det liknar veldig

Sindre Eid er ikkje snau framfor måndagens seriekamp heime mot VIF 2: – Det skal «ryke» innsatsvilje av oss når vi entrar Høddvoll, lover han.

INEFFEKTIVE: Sjølv eit «samspark» mellom Joachim Osvold og Daniel Eid (t.h.) førte ikkje til mål i forrige heimekamp mot Vard. Som enda 0-0. Hødd må betre effektiviteten om det skal bli siger mot lovande VIF 2 mandag.  Foto: Svein Olav Humberset

Nyheter

Eid var godt nøgd med å få eliteserielaget KBK i cupens 3. runde på Høddvoll komande torsdag.

Det bør gje gode pengar i kassa, og kanskje kan Hødd gje favoritten kamp?


Sjå Hødd - Vålerenga 2 her

Sjå kveldens oppgjer i PostNordligaen mellom Hødd og Vålerenga 2 på smp.no.

Men før den tid skal det altså spelast viktig seriekamp mot VIF 2, som tapte 2-3 heime mot Brattvåg sist. Hødd er på etterskot i høve til toppstriden, med sine fire av ni poeng så langt.

– Vi burde ha vunne heime mot Vard, og vi burde ha teke poeng mot KFUM borte. Så no treng vi så absolutt tre poeng mot det unge VIF 2-laget. Dei kjem med «kremen» av unge spelarar frå Oslo-distriktet, og er ballsterke. Men vi veit at vi må attende på vinnarsporet att umiddelbart, så her skal vi mobilisere maksimalt. Utan tanke på cupkampen tre dagar seinare, lover trenaren.


Hødd sin tabbekamp

Og Steffen Moltu vil ikkje hugse jubileumskampen med glede.

– Det er tidleg å seie at dette er ein kamp vi MÅ vinne, men det liknar veldig, innrømmer han.

Som gler seg over at spissane Robin Hjelmeseth og Magnus Myklebust er attende etter lange skadefråvær, sjølv om dei truleg startar på benken mot VIF 2.