Utbyggingsplanar på is

– Men det var sauehald vi satsa mest på då vi bygde ut for fem år sidan. No er vi oppe i 105 vinterfôra sau, som er det vi har plass til. Beite har vi nok av.

– Men vidare utbyggingsplanar er lagt på is – og kjem til å bli der lenge med den politikken regjeringa no legg for dagen, slår Steinsvik fast.

– Kva er du misnøgd med?

Storpolitikk mot småbønder

– Og feilpolitikken konkret er?

– At dei har teke bort tilskotstaket, slik at det blir bygd opp nærast sauefabrikkar utan avgrensing på storleik. Dette kan ikkje små aktørar i distrikta hamle opp med, på same vilkår. Det er med slik politikk over litt tid, at eg seier ein fort endar med å bryte ryggen som distriktsbonde, seier Steinsvik.

Tidlegare har han rosa kamerat Jon Georg Dale for å vere ein talefør ambassadør for landbruket utad, og delvis inn mot dei store butikkjedene.

Bondelaget

Også frå fylkeshald i Møre og Romdal vert det reagert negativt på jordbrukstilbodet. Bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen seier det slik:

– Det er lagt fram eit svakt tilbod. Regjeringa tek ikkje utfordringane i norsk landbruk på alvor, hevdar han.

– Staten kuttar i tilskot til dei små og mellomstore gardane og tek ikkje mangfaldet og dei langsiktig utfordringane i landbruket på alvor, hevdar Mikkelsen.

I tillegg til sau, har det oppstått ein markant overproduksjon også av gris. Illustrasjonsfoto. Foto: Knut Arne Aarset
Bondelagsleiar for Møre og Romsdal, Oddvar Mikkelsen seier seg langt frå nøgd med årets tilbod frå staten. Foto: Knut Arne Aarset