På måndag kjem NRK Super til Volda for å leite etter nye programleiarar.

- Det er berre å møte opp i kantina i Berte Kanutte klokka 10.30. Du treng ikkje førebu noko. Dei jaktar på deg som anten har studert mediefag, men også teater/drama, grunnskulelærar eller barnehagelærar, men andre er også velkomne, heiter det på Media i Volda si Facebook-side.

Det var Møre-Nytt som melde om saka først.