Fem sekkar skal vere fylt med plastemballasje frå Hofseth as i Syvde på strandryddedagen.

– Vi starta to og ein halv kilometer unna, og til nærare vi kom Syvde sentrum, til tettare var det mellom posane. Vi enda opp i søppelhuset til Hofseth der vi såg meir av det same, fortel ein ung mann frå Syvde. – Det er ikkje første gong eg har sett at det flyg søppel derifrå, påstår han. Nokre timar seinare reiste dei tilbake for å sjå om dei fann meir.

– Vi var her og rydda i 13-tida i dag. No har det kome meir, seier han til Sunnmørsposten laurdag kveld.

Roger Hofseth er sjølvsagt ikkje spesielt blid for at plast frå deira bedrift vart funnen i naturen.

1.000 kroner sekken

– Dersom dei hadde ringt meg og fortalt det, så skulle eg gitt dei pengar for å rydde fjøra, sjølvsagt hadde eg gjort det, seier Hofseth.

– Og skulle det vere nokon som ser plast frå våre anlegg nokon stad, så er det berre å ringe, så skal eg betale dei godt for å plukke opp. Dersom dei kan bevise at det er plast som kjem frå Hofseth, og kjem på døra med det, skal eg betale 1.000 kroner sekken, seier han.

Det som har skjedd i dette tilfellet er at nokre sekkar har blåst ut av ein konteinar. Om nokon trur vi dumpar plast på sjøen med hensikt, er det berre trist.

– Eg vil gjerne legge til at vi har investert i lukka konteinarar både for plast og papp, seier Roger Hofseth.

Ordførar glad for engasjementet

Ordføraren i Vanylven, Lena Marie Landsverk Sande, er glad for det store engasjementet i Vanylven på strandryddedagen. Ho har sett mange fulle konteinarar i dag. Sjå bildeserien over

– Kommunen har plassert ut åtte konteinarar. Dei fleste, kanskje alle, er fulle, og det står ting ved sidan av, seier ho.

Kva meiner ho så om at plast frå ei av kommunens viktigaste bedrifter har hamna i naturen?

– Dei skal jo leve av fisken som kjem frå havet, så for dei er jo dette viktig. Og viss ein veit at det kan blåse utover, så er det jo mogleg å ha rutinar for å hindre slik ting, seier ordføraren, som håper og trur at dette ikkje skjer fleire gonger.

Roger Hofseth. Arkiv. Foto: Staale Wattø
Lena Marie Landsverk Sande er ordførar i Vanylven. Foto: Svein Aam