Oppdatering: - Det er ikkje personskadar etter ulykka, opplyser politiet klokka 18.18. Vegen blir då meldt å straks vere open att for fri ferdsel. Det blir oppretta sak etter hendinga.

Politiet melder om ei trafikkulykke på fylkesveg 10 på Moltustranda/Ryssevika i Herøy søndag ettermiddag.

- Det blir opplyst å vere fleire bilar involvert, heitte det i den første meldinga på Twitter, klokka 17.21. Politiet kunne då førebels ikkje seie noko om eventuelle skadar.

- Naudetatane er på staden. To bilar er involvert og ein person blir behandla av helsepersonell, opplyste politiet klokka 17.35. Årsaka til hendinga er så langt ikkje kjent.