Selskapet Haram Kraft driv no og reknar på om dette kan bli lønsamt.

– Vi tar sikte på å ta ei avgjerd første kvartal neste år, seier dagleg leiar Kristin Ankile.

Tidlegare har det vore planar om 16 vindmøller på fjellet på Haramsøya. Dette er no redusert til åtte. Samtidig er det snakk om større vindmøller enn før. Til samanlikning er dei fem vindmøllene på Harøya 50 meter. Det blir altså planlagt vindmøller på Haramsøya som er tre gonger så høge. I Ålesund sentrum ligg Fjellstua på nokså nøyaktig 150 meters høgde over havet.

Neppe plass til fleire vindmøller

– Kan det bli snakk om fleire enn åtte vindmøller på sikt?

– Nei. Vi planlegg å bygge ei nettilknyting inn til fastlandet som er dimensjonert for den vindparken vi bygger ut no. Skal det byggast fleire vindmøller, må det byggast endå ei ny nettløysing, det kostar veldig mykje pengar, seier Ankile.

– Fjellplatået er heller ikkje dimensjonert for så veldig mykje meir. Vindmålingar over fleire år viser at det er turbulens i vinden nær dei bratte fjellsidene. Enkelte område har også for høg ekstremvind til at det er aktuelt å sette opp vindmøller der. Vindmøllene må derfor konsentrerast litt inne på platået.

Ho oppgir at turbinane kan produsere rundt 110 GWh i året. Dette svarer til 5.500 einebustader som bruker 20.000 kWh i året. Under optimal vind vil møllene kunne gje 33-34 megawatt. Straumen er tenkt ført i land og kopla til eksisternade nett på Alvestad (mellom Hildre og Brattvåg).Haram-politikarane var imot vindmøller på Haramsøya.

Turveg som før

I dag er vegen over Haramsfjellet ei fin turrute, også for syklistar. Utsikten frå toppen er upåklageleg i klarvêr.

– Vegen over fjellet vil framleis kunne brukast som turveg som før. Vindmøller vil ikkje setje grenser for dette. Under spesielle vêrforhold kan det danne seg is på rotorblada som kan losne når blada roterer, dette vil det bli sett opp skilt om, seier Ankile.

Kostnad

Kostnad per kWh ønsker ho ikkje å gå ut med all den tid det ikkje er inngått kontraktar for turbinar, nett eller anleggsarbeid. I ei samanlikning i Teknisk Ukeblad i 2015 har vasskraft den klart lågaste energikostnaden i Norge med litt over 25 øre/kWh, medan vindkraft på land er på andreplass med 40 øre/kWh.