No er dei tidlegare eigarane og drivarane av Storfjord Hotel dømd i Sunnmøre tingrett til å betale sakskostnader for Knut Flakk og for Flakk Industri AS.

Krav om 20 mill.

Annbjørg og Barry Brown, som tidlegare eigde og dreiv Storfjord Hotel, tok hausten 2017 ut stemning mot både Knut Flakk personleg og mot Flakk Industri AS.

Flakk inn med kapital

Ekteparet Brown dreiv og eigde hotellet på Glomset i Skodje fram til hausten 2008.Då hadde hotellet store økonomiske problem, står det i dommen.

I 2009 inngjekk dei avtale med Flakk Industri. Flakk skaut inn ny kapital for å bygge ut hotellet, og vart hovudaksjonær. Ein tilleggsavtale frå 2011 sa at Flakk også skulle dekke byggekostnadar for utvidinga utover budsjett, dersom det ikkje var mogleg med finansiering i bank.

Partane er ueinige om korleis den økonomiske situasjonen utvikla seg, kva som var årsaka til dei store byggekostnadane og ikkje minst størrelsen på gjelda.

I 2014 blei det henta inn takst og ei vurdering frå Deloitte, som konkluderte med at selskapet hadde ein negativ eigenkapital der aksjekapitalen var tapt.

Brown hadde ikkje moglegheit til å bidra med meir kapital. I november 2014 inngjekk partane avtalen der Brown sine aksjar blei ført over til Flakk Industri med total kjøpesum på 3,4 millionar kroner.

– Feil reknestykke

Ifølgje søksmålet meiner dei tidlegare drivarane av Storfjorden Hotel at vidare drift kunne vore mogleg også med saksøkarane som aksjonærar.

Dei kritiserer ifølgje dommen Flakk for manglande byggebudsjett, dei meiner utbygginga ikkje var tilstrekkeleg førehandsfinansiert, dei meiner arbeidet ikkje burde vore sett ut til Flakk sitt aksjeselskap Isolaft og dei meiner dei blei gitt feilinformasjon.

Saksøkte meiner på sin side dette er uriktige påstander. Dei meiner det er feil at det ikkje låg føre byggebudsjett, dei meiner utbygginga var finansiert før oppstart og at ein heile vegen har informert om kostnadsutvikling, og dei meiner at saksøkarane deltok i vala undervegs der ein bestemte seg for dyre og eksklusive løysingar for utbygginga.

Ifølgje søksmålet berekna Brown sitt tap til 20 millionar kroner. Kravet er basert på verdi av hotelleigedom og gjeldsforplikting, står det i dommen.

Om dette reknestykket, skriv retten at kravet er «basert på ei total uriktig angivning av hotellet si gjeldsbelastning.»

Retten skriv at det er godt dokumentert at gjelda var meir enn tre gongar så høg då avtalen vart inngått, altså på 67 millionar, og ikkje 20, slik saksøkarane meiner.

«Korrigert til riktig gjeldsbelastning, blir konklusjonen at saksøkarane ikkje har påvist noko økonomisk tap slik søksmålet byggjer på», står det i dommen.

Retten meiner vidare at saksøkarane burde vore klar over at aksjane økonomisk sett var verdilause, og at e-post-utveksling viser at det gjekk føre seg reelle forhandlingar som førte fram til avtalen om å avvikle eigarskapet i 2014.

– Kom overraskande på

– Eg ser at retten har vore einig med argumentasjonen som Flakk har framført i retten, og at Flakk har fått fullt medhald. Det er vi tilfreds med, seier advokat Jørn Ivar Sandnes, som representerte både Knut Flakk og Flakk Industri AS.

Ifølgje advokaten kom kravet frå dei to tidlegare eigarane ganske overraskande på Flakk i 2017.

– Dei vart kjøpt ut i 2014. Flakk inngjekk ein avtale og såg seg ferdig med det. Så kom dei tilbake nær tre år seinare med eit krav, og så ei stemning. No har tingretten sagt sitt, seier advokaten om saka.

Sunnmørsposten har forsøkt å kontakte advokat Jan Velund og Annbjørg og Barry Brown. Dei har førebels ikkje svart.