Fylkesrådmann vil legge ned bokbåten

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal skal onsdag ta stilling til om ordninga med bokbåt i fylket skal videreførast.

Arkivbilde av bokbåten Epos  Foto: Bjørn Vatne

Nyheter

Kontrakten med noverande leverandør går ut 31. august og fylkesrådmannen tilrår i si innstilling at ordninga ikkje vert vidareført.

–Nye krav til fylkeskommunen si rolle i biblioteksektoren, og auka krav om tilrettelegging, gjer at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner den i dag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen til fylkeskommunen på sine nettsider.

– Sterke kjensler

Kostnadane og nytta av dagens ordning har vore utgreia. Konklusjonen er at ressursane som går til bokbåten vil ha større effekt om dei nyttast på anna vis.

– Utgreiinga som ligg bak forslaget viser mellom anna at besøket på bokbåten har vore stabilt dei seinare åra, med ein svak nedgang. Det same gjeld for utlånstala, heiter det vidare på heimesida til fylket.

– Vi veit at det er sterke kjensler knytt til bokbåten, og at eit slikt forslag kan verke som eit tap for dei kommunane som no mister eit tilbod. Samstundes trur vi at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, og at alle i sum sit igjen med eit betre bibliotektilbod enn dei gjer i dag, seier Wedlog Olsen.

(saka fortsetter under) 

Innegg om bokbåten «Epos»:

«Omtykt kulturtilbod under press»

Bokbåten «Epos» er ein garantist for at moderne bibliotektilbod finst i utkantstrok, skriv artikkelforfattarane.

 

Alternativt forslag

Fleire alternative løysingar, inkludert ei vidareføring og styrking av bokbåttilbodet, har vore diskutert. Kostnadane til kjøp eller leige av eit nytt fartøy er så store at dette ikkje er mogleg innanfor dagens rammer, argumenterast det i saksutgreiinga.

– I staden ønsker fylkesrådmannen no å legge fram ei sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer, og korleis dette kan styrke fylkesbiblioteket si rolle som regionalt kompetansesenter og nav for bibliotek og litteraturformidling i fylket. Målet er å nå ut til større aldersgrupper med sentralt tilrettelagte opplegg for debattar, scenekunst basert på litterære verk, konsertar, forfattarmøte, bokbad og anna som har vore etterlyst i biblioteka, heiter det på mrfylke.no.

Korleis meiner du pengane bør nyttast? Bruk kommentarfeltet under !