Bygdepride er blitt til ein heil festival og har til og med fått drop-in kontor i kulturnæringshagen. Utanfor kontoret har journalistar stått i kø, i dagane før det brakar laus.

– Vi har fått enorm merksemd. Det er heilt vilt, smiler Rune Sæbønes, ein av dei seks i styret for arrangementet.

Parade fredag

Festivalen opnar på Sæbø torsdag. Så går det slag i slag i fire dagar, med ei rekkje arrangement i Volda og Ørsta.

– Paraden fredag er hovudarrangementet, og den teiknar til å bli veldig bra. Cirka 50 lag og organisasjonar har meldt seg på, fortel Sæbønes..

Blant dei påmelde er fagforeiningar, politiske parti, idrettslag, kristelege organisasjonar, studentorganisasjonar og russen. Dei to største er VTI Fotball og Ørsta IL Fotball. I tillegg blir alle som ikkje har meldt seg på gjennom ein organisasjon oppmoda om å møte opp og gå i paraden.

– Kor mange er det venta i paraden?

– Når det er femti påmelde, og vi reknar med ti per organisasjon, blir det 500. Då veit vi at det blir mykje folk.

– Kva med tilreisande?

– Vi veit det kjem mykje folk frå Ålesund-området, frå Oslo og Bergen. Vi har også fått signal om at folk kjem både frå andre stader på søre Sunnmøre og kanskje Nordfjord, seier Sæbønes og oppmodar alle om å møte opp tidleg sidan det blir mykje folk.

Etter paraden blir det appellar i Propellhallen, med blant andre kulturminister Trine Skei Grande.

Skeiv lyrikk og film

Bygdepride opnar med utekino på Sæbø torsdag. Om vêret blir dårleg, blir framsyninga i det gamle rådhuset. Hjørundfjord filmteater har teke initiativ til å vise filmen «Pride».

– Filmen handlar om bygda sitt møtet med skeive i Wales, og er såleis tematisk perfekt, seier Sæbønes.

Tidleg på dag fredag er skeiv lyrikk frå 1930-talet tema på Ivar Aasen-tunet. Etter paraden fredag blir det Bygdepride-party på Rokken, med Amini og Pineapple Express.

Laurdag er det klart for gratis friluftskonsert i Laguneparken i Ørsta, med Egil Olsen, Urørt-vinnar Jon Olav, Pikekysz og Sunnmøre Baarelag. Om kvelden blir det Eurovision-kveld på Rokken, med stasj og glitter. For ungdom blir det Eurovision-kveld på Kaihuset i Ørsta.

På programmet søndag står Pride-spinning på treningssenter, før festivalen blir avslutta med konsert i Volda kyrkje søndag kveld. Her deltek Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, Stig Ulv, Øvyind Skadtved Robak, Venche Leite og John Inge Bjøringsøy.

Billettsalet har losna

Arrangementet har eit budsjett på 120.000 kroner, og ein må ha ein del billettsal for å gå i balanse. Det er kome inn over 40.000 kroner i gåve frå private, noko som gjorde at dei våga å satse litt meir. Også næringsliv og offentlege instansar har støtta opp. Billettsalet var litt treigt i starten, men har losna denne veka, ifølgje Sæbønes.

Sunnmørsposten streamer direkte fra gateparaden i Volda fredag kl.18