Mellom dei var avdøde Reidar Landsverk, som fekk medaljen post mortem.

– 8. mai har dei seinare åra fått meir fokus på Veterandagen, der ein får sett pris på og kan gi heider og ære til både dei eldre og dei yngre som har tenestegjort for Norge i internasjonale operasjonar, seier kaptein Håvar Tandstad.

– Dette var ei flott markering. Vanylven har hatt svært mange med i oppdrag utanlands. Til dømes var det 100 berre i Tysklandsbrigaden, seier ordførar Lena Landsverk Sande.

Ho er dotter til Reidar Landsverk, som tenestegjorde i Libanon og Kosovo.