Ørsta/Volda Pride i samband med Hjørundfjord Filmteater arrangerte torsdag kveld filmframsyning på Sæbø DS Ekspedisjon i høve Bygdepride 2018. Dei viste filmen Pride frå 2014, ein film der bygd møter by og fordommar vert utfordra.

Regnbogeflagg i alle størrelsar, lyslenker i taket og varme skinn å sitje på var det som møtte deg inne på Dampen på Sæbø denne kvelden. Besøkjande kom strøymande på, til alle benkar var fulle.

Medlem i Hjørundfjord Filmteater Tor Grunde Simonsen kunne avsløre at dei hadde endå eit lokale, som stod klart til å ta imot gjestane dersom det vart trongt om plassen på Dampen.

– Vi kan i så fall trene på paraden, med og gå eit par hundre meter bort til bedehuset.

Men den rustikke og pride-pynta Dampen heldt akkurat, og det vart ikkje bruk for bedehuset denne kvelden. Med fulle rekker kunne leiar i Hjørundfjord Filmteater Regine Aklestad saman med Tor Grunde Simonsen ynskje alle velkomne.

– Vi er stolte av å kunne opne Norges første Bygdepride her på Sæbø. I dag er vi med på å skrive eit lite stykke historie, og det er veldig kjekt å få vere ein del av.

Deretter fekk ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam, seie nokre ord, før han klipte det regnbogefarga bandet og erklærte Bygdepride 2018 for opna.

– Bygda skal vere ein god stad for alle. Det skal ikkje vere naudsynt å flytte vekk her ifrå for å ha det bra. Lat oss saman gjere dette til eit godt og inkluderande samfunn no og i tida framover, sa ordførar Stein Aam.

Anne Marta Holsvik og Marthe Sommervold Christiansen frå styret i Ørsta/Volda Pride har saman med resten av styret planlagt denne helga sidan oktober, og var både glade og spente når dagen endeleg var her.

– Det er heilt surrealistisk, kjempekjekt og litt skremmande. Men vi gleder oss veldig til opninga. Vi ser også fram mot paraden i morgon, då den truleg vert mykje større enn vi nokon gong hadde sett føre oss, sa Anne Marta Holsvik.

– Vi håpar så klart dette kan verte ein tradisjon, og ikkje berre ei eingongs hending, la Marthe Sommervold Christiansen til.

Rune Sæbønes frå Ørsta heldt ein appell under opninga, der han fortalde ope om sitt liv som homofil på bygda. Han var livredd då han etter mange år valde å fortelje om legninga si, men fekk stor, positiv respons frå både fjern og nær.

– Bygda var open, varm og fylt av kjærleik.

Sæbønes er ei av eldsjelene bak Bygdepride, og er stolt av det dei har fått til.

– Det var kanskje litt galskap å planleggje Ørsta/Volda Pride, men no kan vi glede oss over det vi har fått til. Vi har fått ein enorm respons, og for kvar negativ ytring har tilbakemeldingane til oss berre vore større og varmare. Folk i Ørsta og Volda har vist at dei meiner det. Vi er bygdene som er opne for mangfald. Vi er bygdene som meiner at kjærleik er kjærleik.