I ein kort kommentar til Sunnmørsposten, seier Hans Reite at han sørgjer over utviklinga.

Pastoren i Nytt Lys senter i Ørsta har tidlegare kalt homofilt samliv for motbydeleg, og arrangerte for to veker siden ein motdemonstrasjon mot pride. Då demonstrerte rundt 30 personar i Volda og Ørsta, med plakatar der ein kunnen lese slagord som "homofilt samliv er synd" og "regnbogen minner om ei domshandling frå gud".

Takka Hans Reite

Frå talarstolen i Propellhallen, der det blei heldt appellar fredag kveld etter paraden, var det fleire som nemnde Reite sitt namn og takka han. Blant dei var landbruksminister Jon Georg Dale, som også tidlegare har engasjert seg i debatten.

– Eg vil sende ein takk til Reite. Det var du som fekk meg tilstrekkeleg forbanna til å stå opp mot dei som kjenner behov for å setje seg til doms over den som er annleis enn seg sjølv, sa Dale.

Anbjørn Steinholm Frislid, leiar for Ørsta/Volda Pride, sa at for kvar hatytring og motdemonstrasjon, har responsen berre blitt større og større. Han trur dette var med på å engasjere fleire til å møte opp og vise si støtte.

– Eg trur ikkje folk kjenner seg att i det som visse andre har sagt eller skrive av hatefulle ytringar. Dei vil ikkje at det skal vere dette som definerer bygda. Difor trur eg så mange stiller opp, for å vise kva som faktisk er haldninga til folk., seier Frislid.