Folk strøymde fredag ettermiddag til for å vere med på Bygdepride-paraden i Volda. I propellhallen gjekk salet av flagg unna. Arrangøren hadde kjøpt inn 600 flagg, og tidleg på ettermiddagen var det begynt å gå tomt.

– Det er viktig å støtte opp om bodskapen her, spesielt sidan det også var ein motdemonstrasjon her også. Vi vil vise at kjærleik er kjærleik, seier tre studentar som Sunnmørsposten møter i Volda sentrum.

Veronica Turnage, Iris Alm og Frida Røme studerer journalistikk ved Høgskulen i Volda, og dei har kjøpt flagg som dei skal ha med i paraden.

50 lag og organisasjonar skal delta i paraden. Kulturminister Trine Skei Grande og landbruks- og matminister Jon Georg Dale er blant deltakarane.

Arrangøren er overvelda av responsen. Kanskje blir det ei årleg hending.

– Når dette er over og vi skal kjenne på kor slitne vi er og kor mykje pengar vi har brukt, så skal vi vurdere om det også kan bli Bygdepride neste år også, smiler Rune Sæbønes før det brakar laus med det som er hovudarrangementet i årets Bygdepride.

Følg direktesending på smp.no her

Samleside: Alt om Bygdepride her