– Eg er heilt overvelda. Eg har nesten ikkje ord, seier Frislid etter at fleire tusen gjekk i prideparade gjennom gatene i Volda fredag kveld.

Han håper fleire bygder vil la seg inspirere.

– Vi håper dei ser korleis vi har klart å mobilisere bygdene. Eg trur det er sånn i resten av Norge også, så eg håper virkeleg nokon følgjer etter. Om dei gjer det, så er det berre å ringe!

Direktesending i opptak: Vi filma paraden og appellane.

Lensmann: 3.000-4.000 menneske

Først dei siste dagane gjekk det opp for han at dette kunne bli stort. Mykje større enn dei hadde førestilt seg.

Kulturminister Trine Skei Grande og Jon Georg Dale gjekk framst i parada saman med arrangørane. Foto: Terje Engås

Nøyaktig kor mange som gjekk i paraden har ingen sikre tal på, men det var fleire tusen. Det tok ein halvtime frå paraden starta til slutten gjekk forbi.

Lensmann i Volda og Ørsta Guttorm Hagen seier at politiet telte minst 2.000 i sjølve paraden, i tillegg til mellom 1.000 og 2.000 langsmed ruta. Mange slutta seg til toget undervegs.

– Folk gjekk mykje tettare enn i 17. mai-toget, så det var vanskeleg å telle, men der var nok 3-4.000 menneske i aktivitet, seier Hagen.

– Berre vennlegheit

– Dei skulle kanskje hatt talane ute, men det er vanskeleg å planlegge slikt på Sunnmøre, seier lensmannen, som sjølv deltok i parada og seier det heile gjekk fint og fredeleg føre seg.

– Det var ein fin og festleg parade. Det var berre vennlegheit. Volda blei framstilt frå si beste side, både på det mellommenneskelege og med tanke på vêret, seier lensmannen.

– Der var jo ein demonstrasjon nyleg med rundt 30 personar. Også den var søkt om og gitt løyve til. Det skal vere rom for det med, sjølv om den hadde ein annan dimensjon, seier han.

Takka Hans Reite

Frislid, som tok initiativ til Bygdepride nettopp som ein motreaksjon mot hatefulle ytringar og lesarinnlegg, trur at homo-motstanden frå ei lita gruppe menneske har vore med på å mobilisere fleire.

Han håper Bygdepride blir eit årleg arrangement.

– Når vi ser kor stort engasjementet er og for ein folkefest det har vore og blir i helga, så håper eg det, seier han.