Det fortel Therese Utgård, Ap-politikarar i Sykkylven. Ho reagerer kraftig på det ho kallar eit uakseptabelt nivå i skuledebatten i kommunen.

– Eg forstår engasjementet og dei fleste oppfører seg bra.

Lokalpolitikaren seier ho likevel har hatt fleire ubehagelege opplevingar etter at det vart klart at ho var ein av dei som gjekk inn for å leggje ned Tandstad skule.

– Det sterke engasjementet for skulen har eskalert til eit nivå og personangrep eg ikkje kan akseptere. Eg er blitt ropt til, eg figurerer på ei svarteliste, eg er blitt møtt med hånleg latter når eg har vore på talarstolen – og det er dei som har vist meg idiotteiknet med fingeren. Det heile er svært ekkelt, seier ho.

– Dei er fleire som seier at når det skal vere slik i lokalpolitikken så vil iallfall ikkje dei stå på noko partiliste, legg Therese Utgård til.

Ho meiner det heile vitnar om mangel på folkeskikk på offentlege møte. Utgård har aldri opplevd noko slikt tidlegare.

– Grunngjevinga mi for å leggje ned skulen i Straumgjerde er at vi må sjå på totalbiletet. Kommunen vil få for lite pengar, og eg fryktar at budsjetta for både skule og helse vil bli for små om ein ikkje gjer noko, seier Utgård.

Vibeke Skinnes Hauge, FAU-leiar ved Tandstad skule, er einig i at ein må vise god folkeskikk, også i ein engasjert skuledebatt

– Vi i FAU har iallfall hatt som mål å halde ein sakleg tone, og å oppføre oss skikkeleg. Å le av dei som meiner noko anna i skulesaka er ikkje noko vi vil ha noko av, seier Vibeke Skinnes Hauge.