Dei 8,5 kilometerane mellom Giskemo og Viset er ein flaskehals. Roger Holmen i Helles Thermotransport køyrer her fleire gonger i veka for pizzafabrikken på Stranda.

– Du opplever jo at du kjem ganske mange år tilbake i tid når du svingar av på Giskemo, seier sjåføren.

Etter at Tresfjordbrua kom, køyer dei likevel denne ruta oftare enn før, fortel dagleg leiar Tor Arne Helle i transportfirmaet.

No vil Ørskog kommune ha fart på planane om Børdalslinja, ny veg mellom Giskemo og Viset.

Sterk trafikkauke

Trafikken er blitt langt større enn prognosane. Statens vegvesen har berekna at i 2022 vil det køyre 2.000 bilar i døgnet forbi Amdam. Trafikkteljingar er allereie oppe i 2.500 bilar.

Rundt 10 prosent er tung- trafikk, noko som er normalt for hovudvegar. Det er særleg tungtrafikken som Ørskog kommune vil ha utanom Vestre, Skarbøen, Amdam, Valbøen og Giskemo.

For få dagar sidan sende kommunen ein søknad til fylket om samarbeid om bygging av Børdalslinja. Vegen er berekna å koste 900 millionar 2017- kroner.

– Den aukande tungtrafikken er ei særleg utfordring for eit lokalmiljø kor husa og gardsdrifta er nær vegen og på begge sider. Det er også ein sterkt aukande vår-, sommar- og hausttrafikk, som særleg kjem av meir reiseliv, seier Ørskog-ordførar Knut Helge Harstad.

Sve vil bygge éin kilometer først

Samferdselspolitikar Frank Sve (Frp) er tydeleg på at fylket ikkje har pengar. Børdalslinja vart diskutert i samferdselsutvalet i fjor. Då foreslo utvalet å først bygge éin kilometer veg, og finansiere dette med bompengar.

– Ved å starte med vegen mellom Vaksvika og Viset, og med ny bru over Vaksvik-elva, blir det ein veldig lav bompengesats. Og når dette er nedbetalt, er Børdalslinja realiserbar, meiner Sve. Administrasjonen legg opp til at denne bestillinga vert handsama i Plannemnda for samferdsels- utbygging i juni.

– Ei slik løysing vil berre gje enno meir gjennomgangs- trafikk gjennom bygdene langs fylkesveg 650, seier Ørskog-ordføraren. Nyleg var han i møte med fylkesordføraren.

– Eg har hatt møte med Ørskog kommune om saka og har stor forståing for at dagens fylkesveg gjennom bygdelag og byggefelt er eit stort problem og ikkje framtidsretta, skriv fylkesordførar Jon Aasen i ein sms til Sunnmørsposten.

– Strekninga er også eit godt jordbruksdistrikt. Det meste av strekninga har mykje landbrukskryssing, og mykje sein-køyring med landbruksreiskap, også på grunn av mykje bruk av leigejord, legg Harstad til. Han fortel også at trafikken hemmar utviklinga. Eit byggefelt på Amdam måtte skrinleggjast fordi Vegvesenet ikkje gav løyve til avkøyring.

Fellesnemnda for nye Ålesund har hatt saka oppe og støttar Ørskog kommune.

Stabbesteinane er i alle fall bytta ut med autovern. Bildet er tatt mellom Vestre og Vaksvika. Foto: Per Ove Stige