Dei fire første månadene i år har Ulstein bibliotek lånt ut over to tusen fleire bøker enn på same tid i fjor.

– Spesielt tydeleg er auken for skjønnlitterære barnebøker. Det er stas, seier biblioteksjef Mona Iren Auganæs og viser fram tala som taler sitt tydelege språk (sjå fakta).

Mange nye lånarar

Det nye biblioteket held til i Ulstein Arena, fleirbruksbygget som også huser symjeanlegg, idrettshall og kafé. Bygget har stor aktivitet frå morgon til kveld. Etter at det nye og moderne biblioteket opna i fjor haust, har biblioteket også trekt til seg fleire nye brukarar.

– Vi har delt ut mange nye lånekort etter opninga. Mange som ikkje har brukt oss før, er no begynt å kome hit, seier Auganæs.

Alle grupper i samfunnet går på biblioteket. Her ser vi pensjonistar som les aviser. Under trappa har to jenter funne fram skulebøkene for å gjere lekse. Og i ein av boksane med skrivepult sit førsteklassingen Elias Ionas og jobbar med skulearbeid.

Pappa Ionas Berhane følgjer med og hjelper til når det trengst.

– Vi bruker biblioteket mykje. Det er viktig for guten, meiner Ionas som sjølv studerer ved Høgskulen i Volda.

Han er oppteken av å lese for ungane sine, både på norsk og på tigrinja som er morsmålet deira frå Eritrea.

Elias Ionas går i 1 C på Ulsteinvik skule. Han har vore i biblioteket med klassen sin også, og han likar godt å lese bøker.

Dette likar forskar Pernille Fiskerstrand å høyre. Ho er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda og jobbar med lese- og skriveforsking. Ho bur sjølv i Ulsteinvik og er glad for at kommunen har valt å satse på nytt bibliotek og at stadig fleire finn vegen dit.

Satsinga som Ulstein kommune har gjort, er eit enormt viktig tiltak. Viss du skal vere ein aktiv samfunnsborgar, så treng du mykje lese- og skrivekompetanse. Og tilgang til bibliotek kan vere sosialt utjamnande, seier ho og legg til at dette nok er vanskeleg å bevise, men mykje tyder på at det er slik.

Foreldre må oppmuntre

Dagens samfunn set stadig hardare lese- og skrivekrav til dei unge. Før blei gjerne ungdom som ikkje var så flinke til å lese, losa inn i praktiske yrke. I dag er det nødvendig med god kompetanse på lesing og skriving også på desse fagfelta.

– Eit fagbrev krev i dag avansert lesing og skriving, seier Fiskerstrand og nemner at det til dømes er strenge krav til dokumentasjon i praktiske yrke. Ein må også gjerne lese fagstoff på engelsk.

For å bli god i lesing og skriving veit ein at det er viktig å lese bøker. Ein veit også at lesevanskar gjerne går i arv.

– Viss du sjølv ikkje har kjent meistring i møte med bøker, kjem du mest sannsynleg ikkje til å lese for ungane dine, seier Fiskerstrand, men understrekar at foreldre som vegrar seg for lesing, ikkje treng fortvile. Det går an å snu trenden.

– Vi veit at barn frå heimar med låg utdanning og som likevel gjer det godt på skulen, på ein eller annan måte har fått sjå verdien av bøker og lesing. Ved hjelp av eit tiltalande bibliotek blir denne moglegheita forsterka, seier ho og held fram:

– Som forelder treng ein ikkje vere glad i verken bøker eller lesing, men ein kan gjere mykje ved å legge til rette for turar på biblioteket, oppmuntre til lesing og vise interesse.

Om ein ikkje les for ungane, går dei glipp av viktige leseforbilde, den gode lesestunda, trening i å førestille seg noko, samt lesetrening og utvida ordforråd.

På biblioteket er Auganæs oppteken av å legge til rette for at brukarane finn bøker dei likar. Her er det skilnad på gutar og jenter:

– For å engasjere gutar til å lese, veit vi at dei generelt treng noko meir tilrettelegging, seier Fiskerstrand.

Og dette er viktig, sidan ein veit at gutar heng litt etter i lesing og skriving.

Mest jenter

Gutane er meir avhengige av at boka engasjerer. Hovudpersonen bør helst vere ein gut som er litt eldre enn lesaren sjølv. I tillegg er det viktig å få velje bøker sjølv.

Auganæs har inntrykk av at det er mest jenter i biblioteket:

– Men no er det ein del gutar i ungdomsskulealder som er begynt å henge her. Og når dei er her, så blir dei påverka, trur Auganæs som er oppteken av at biblioteket også skal vere ein stad der ungdom kan snakke med kvarandre.

Biblioteksjef Mona Iren Auganæs er oppteken av at barn og unge skal finne bøker dei likar, for å stimulere til meir lesing. Og i det nye biblioteket blir bøkene fint presentert, slik at det skal fenge dei ulike lesargruppene. Foto: Anne-Mari Tomasgard
– Det er positivt at fleire låner bøker, meiner lese- og skriveforskar Pernille Fiskerstrand og biblioteksjef Mona Iren Auganæs. Biblioteksjefen er spesielt glad for den sterke veksten i utlån av barnelitteratur. Foto: Anne-Mari Tomasgard