15 representantar stemte for nedlegging, medan 14 stemte mot.

Dermed blir Tandstad skule med rundt 50 elevar lagt ned allereie frå hausten av.

Årsaka er at kommunen må spare pengar. Sykkylven har vedtatt å gjere innsparingar i barneskulane i kommunen, og rådmannen blei bedt om å greie ut ei endring i skulestrukturen.

– Skulen er sentrum for alt

"Heile" Straumgjerde tok turen til kulturhuset i Sykkylven. Dei trudde i det lengste at kommunestyret skulle gå for ei utsetting, og kjenslene var sterke då dette forslaget falt med knappast mogleg margin. Foto: Sofie Svanes Flem

I aksjonsgruppa for skulen sit både representantar for næringsliv, skule, foreldre, naboar og elles i lokalsamfunnet. No er alle skuffa.

– Det er nesten ikkje til å fatte, seier Vibeke Skinnes Hauge, FAU-leiar ved Tandstad skule.

– Ein månad gir dei oss på å førebu flytting av ungar og lærarar og aktivitet. Det er ikkje nok tid, seier mor Silje Bay.

Medan det lenge har vore klart at skulen kanskje skulle leggast ned, meiner foreldra dei får for lite tid på seg, sidan det først var i kveld at den endelege avgjerda kom.

– Politikarane har kanskje hatt lang tid på seg, men ungane våre får vite det no, seier Tove Tandstad. Ho tok til tårene då resultatet var klart.

– Dei raserer bygda vår. Skulen er sentrum for all aktivitet. Vi talte, og kom til at over 30 ulike aktørar brukar skulen i løpet av eit år. Kor, 17. mai, korpset og fotballen som vi har jobba for å bygge opp. Alt forsvinn, seier ho.

– Vi har ikkje noko grendehus, legg FAU-leiar Skinnes Hauge til.

Splittar barna

Tandstad skule i Straumgjerde. Foto: Terje Engås

Elevane frå Tandstad skule vert overførte til nytt opptaksområde for Sørestranda skule. Elevar som etter kommunalt vedtak går ved Tandstad, men som har ein annan skule som sin eigentlege nærskule, får i utgangspunktet tilbod om å bli ført tilbake dit. Det betyr at barna i praksis blir splitta på tre skular - kanskje fire, for ifølgje foreldra vil fleire søkje seg til den private skulen i Velledalen.

– I dag kan ungane sykle eller gå til skulen. No må alle ta buss. Og kommunen har ansvar for å sikre ein trygg skuleveg for bussen. Korleis skal dei klare det på så kort tid, lurer Tove Tandstad på. Ho fryktar for trafikksikkerheita for barna som no må krysse den trafikkerte vegen og stå på ei busslomme utan skur.

Skulle ha førskuledagar

Rektor Otto Magne Strømsgjerde må tysdag møte på skulen for å fortelje både tilsette og elevar om at skulen skal leggast ned.

– Eg synest mest synd på dei komande førsteklassingane. Eg tok imot åtte elevar i februar på innskriving som alle har gledd seg til å begynne på Tandstad skule. I neste veke skulle dei på førskuledagar. No får dei beskjed om at dei ikkje skal begynne likevel, seier han.

Rektor: Otto Magne Strømmegjerde.

Med Tandstad skule forsvinn den siste offentlege skulen i Sykkylven som ligg utanfor sentrum.

– Dei kvittar seg med eit pedagogisk alternativ som kommunen etter mitt syn treng. No er det kun private skular som tilbyr det Tandstad skule har vore, seier rektoren, som trur mange elevar vil søke seg på desse no.

Det er også søkt om å starte privat skule på Tandstad. Dette skal opp i kommunestyret seinare.

Splitta politikarar

Ville vente: Etter at forslaget om å redde skulen falt, stemte 14 for KrF sitt forslag om å legge ned skulen hausten 2019. Foto: Sofie Svanes Flem

Avgjerda i kommunestyret kom etter ein lang debatt og ei pause, kor gruppene diskuterte saka. Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet fremma eit forslag om framleis drift på skulen, men med innsparing ved å gå frå firedeling til tredeling av trinna, samt å ta 750.000 kroner frå disposisjonsfondet. Dette forslaget fekk 12 stemmer.

KrF fremma forslag om å utsette nedlegginga til hausten 2019. Dette fekk 14 stemmer.