Nordfjord:

Bru gjev stor trafikkauke

Bygging av bru over Nordfjorden, frå Lote til Anda, vil tredoble trafikken samanlikna med dagens ferjetilbod, frå 1.400 køyretøy i døgnet til 4.000–4.500.

BRU: Slik kan brua over Nordfjorden bli sjåande ut. Illustrasjon: Nordwest 3D 

Nyheter

Det syner ein ny trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Lote-Anda, utarbeidd av Norconsult. Dette skriv bruselskapet i ei pressemelding.

Sjølv med framtidig realisering av ei bru i indre vil trafikktala over Lote-Anda bli meir enn dobla med bygging av Nordfjordbrua, og utløyse svært store regionale effektar, skriv Norconsult vidare.

I analysen blir det vist til at Eid og Gloppen blir ein tilnærma integrert og felles bu- og arbeidsmarknadsregion.

Det aukar vekstpotensialet både for busetjing og næringsutvikling.

Det skaper også eit nytt tyngdepunkt i Nordfjord-regionen.