Kjøpar meiner seljar skulle opplyst meir – seljar meiner kjøpar skulle undersøkt meir

Meiner kjøpar tok risiko

Tomteservice tok ein stor risiko når dei ikkje undersøkte meir rundt sanitets-eigedomen dei kjøpte for å utvikle. Det meiner advokat Odd Arne Nilsen.

STrid: Volda sanitetslag har i to dagar møtt i Søre Sunnmøre tingrett, etter at dei saksøkte Tomteservice AS som trekte seg frå kjøpet av sanitetshuset. Frå venstre leiar Aud Osdal, tidlegare leiar Annie Sandvær og advokaten deira Odd Arne Nilsen. 

Nyheter

– Ein telefon til kommunen og dei hadde fått vite om planlegging av reinseanlegg. Når kjøpar ikkje tek denne telefonen, så er det hans risiko. Det er han som profesjonell som må bere ansvaret, meiner Volda sanitetslag sin advokat, Odd Arne Nilsen.