Nyleg kjøpte FSN Capital ei anna bedrift på Sunnmøre: Mørenot AS.

Nettstaden Hegnar.no opplyser at FSN Capital har bode 30,10 kroner per aksje i Saferoad, noko som er nesten 50 prosent over kursen den siste tida. Dette prisar selskapet til litt over to milliardar kroner.

Styret i Saferoad tilrår aksjonærane å godta bodet, og dei to største aksjonærane har allereie sagt ja.

Konsernsjef Morten Holum i Saferoad seier til Møre-Nytt at han er positiv til eit eigarskifte. Holum trur ikkje med at salet får konsekvensar for Vik Ørsta.

Bedrifta i Ørsta er leverandør av lysmaster, fundament og tilbehøyr.