– Resultata kjem som eit resultat av gode prestasjonar, og eg har god tru på at vi skal fylgje opp i heimekampen mot Vidar 1. pinsedag, seier han.

At spissane Robin Hjelmeseth og Magnus Myklebust også er attende i full trening er heller inga ulempe, no har Hødd verkeleg mange strengar å spele på angrepsmessig.

– Det stemmer. Vi har Robin og Magnus som no vil utfordre Joachim Osvold og Markus Naglestad for fullt, og vi skal heller ikkje gløyme Badr Rahhaoui, som viser gode takter. Bakover ser det også solid ut, vi slepp ikkje inn mange mål. Men vi toler ikkje mange skader i backrekka, seier han.

Mange i toppen

– Eg trur at det vert mange lag som blandar seg i opprykksstriden i år. Vi sjølv også, og eg trur at både Bryne og Egersund vil kome sterkt etter ein svak sesongstart, seier Eid.

– Heile 40 prosent av kampane i vår avdeling har enda uavgjort, det seier sitt om at det her er mange jamne lag, meiner Eid.

Stas å møte Bryne

– Dette er ein stor kamp for oss, ikkje minst med tanke på den historia Bryne har bak seg i norsk toppfotball. Vi skal ha respekt for dei, men dette er samstundes ein kamp vi har veldig lyst til å vinne.

Brattvåg tulla bort to poeng mot Vidar i Stavanger sist, og måtte nøye seg med 1-1.

– Vi var skuffa etter kampslutt, for vi var eit klart betre lag enn Vidar. Men vi rota det til for oss sjølve, og bomma også på straffespark. Men vi gjer mykje bra i banespelet, det tek vi med oss.

Fjørtoft seier at Brattvåg ikkje har fullt så ambisiøse sesongmål som Hødd førebels.

– Målet er å trygge plassen i divisjonen så raskt som mogleg, og så får vi sjå kor høgt vi kan komme. Det er mange gode lag vi konkurrerer mot.

God: Emil Dahle er Brattvåg sin store spelefordelar, og er god i år. Her i aksjon mot Moldes Mattias Moström i cupen nyleg. Laurdag ventar Bryne på Brattvåg stadion. Foto: Jarle Mordal