Søre Sunnmøre tingrett slo fast at konkursbuet var opna 16. mai. Dette etter at Enerbygg Bolig AS i Ørsta meldte oppbod.

Ørsta-selskapet sine inntektar svikta dei siste åra. Medan driftsinntekta låg på litt over 48 millionar kronar i 2014, var det meir enn halvert i 2016 til ca 21 millionar.

Føretaket gjekk med fem og ein halv million i underskot i 2016.

Advokat Thore Heggen, som er bustyrar, trekk fram stadig svakare likviditet (tilgjengeleg kapital) som hovudårsak til oppbodet.

– Under slike tilhøve, med sviktande eigenkapital er styret pliktig til å melde konkurs eller skaffe ny finansiering. Det er alltid eit spørsmål om kva som rett tidspunkt for å gjere dette. No er det i iallfall gjort.

Konkursbuet består ikkje av anna enn kontormøblement.

– Eigarane har tapt innskota sine. Det er særs sjeldan store midlar tilgjengelege etter ein konkurs, seier han.

Dersom uteståande lønnskrav ikkje lar seg betalast tilbake, trår statens lønnsgarantiordning inn.