- Eg finn ikkje ord. Utruleg surt. Dette er noko av det bitraste eg har vore med på i heile karrieren min, trur eg, seier Hødd-spissen Markus Naglestad til smp.no.

Han scora Hødd sitt eine mål på Høddvoll i kveld, men brende også ei rekkje saftige sjansar.

Før straffescoringa midt i 2. omgang hadde det nemleg vore ein frustrerande søndagskveld for Naglestad og Hødd, spesielt om vi ser på det som skjedde etter pause.

Etter ein sløv 1. omgang tok nemleg Hødd tak frå start av etter kvilen.

Bomma og bomma

Det skulle handle mykje om Hødd-toppscorar Naglestad denne kampen. Men mannen som har ein imponerande scoringsstatistikk både i HamKam, Gjøvik Lyn og Fram Larvik sleit verkeleg med utteljinga denne gongen. Både i det 60. og det 61. minutt fekk han eventyrlege sjansar til å setje ballen i mål frå kort hald. Før den eine sjansen hadde store delar av publikum allereie røyst seg for å juble.

Så kom til slutt scoringa i det 68. minutt, på eit straffespark som Hødd fekk etter at Steffen Moltu vart heldt inne i feltet.

Burde ha dobla

Etter 1-0-scoringa var det smått utruleg at Hødd ikkje scora mange fleire mål. Naglestad kunne ha blitt tomålsscorar då han trefte tverrleggjaren etter 75 minutt. Men han var slett ikkje åleine om å søle vekk gode moglegheiter utover i 2. omgang. Det same gjorde Steffen Moltu (72 min.), Bendik Rise (78) og ikkje minst Marius Hagen (79), som kom mutters åleine med keeper utan å lykkast.

Og som då typisk er i slike kampar: Bortelaget fekk sin første skikkelege sjanse i kampen i det 89. minutt. Vidar flytta opp folk på ein dødball og Emil Randulff heada ballen presisert nede i Ole-Monrad Alme sitt næraste hjørne. Eirik Haugan fekk ein brukbar sjanse på overtid, men det heile ebba ut med 1-1 på måltavla – svært urettvist ut frå spel og sjansar i 2. omgang.

- Heilt utruleg

- Ein kan aldri vere sikker på stillinga 1-0. Men Vidar hadde jo ingen sjansar. Dei hadde ikkje skapt noko heile kampen. Vi hadde mange sjansar til å punktere, meg sjølv inludert. At eg ikkje scora eitt til i dag er heilt utruleg, sa ein svært skuffa Markus Naglestad etter kampslutt.

I kontrast til det som skjedde etter pause var 1. omgang av det tame slaget. Det kunne sjå ut som Hødd spelte på halv maskin. Den einaste kvalifiserte sjansen kom i det 37. minutt. Markus Naglestad stod for både forarbeidet og det første skotforsøket, før Marius Hagen etter litt og fram og tilbake fekk til ei hard avslutning frå kort hald som vart blokkert. Elles hadde begge laga nokre brukbare angrep, utan at dei enda i farlege avslutningar. Farlegast for Vidar sin del vart det då Hødd-stoppar Henrik Breimyr styrte ballen utanfor eige mål frå kort hald.

- Rota vekk fire poeng

Etter kampen uttrykte Hødd-trenar Sindre Eid at han var svært lite nøgd med 1. omgangen til Hødd, men dei heva seg altså såpass bra etter pause at det ikkje hadde vore ufortent om dei vann med tre-fire mål.

Om Hødd hadde slått Vidar hadde dei kome opp i like mange poeng som tetlaga KFUM og Kjelsås.

- No har vi rota vekk to poeng mot Vard og to poeng i dag. Hadde vi vunne desse kampane hadde vi hatt 13 poeng i staden for ni. Så ja, desse poenga har vi kasta vekk, meiner Sindre Eid.

Neste laurdag spelar Hødd bortekamp mot sunnmørsrivalen Brattvåg.

Kampfakta

2.-divisjon avd. 2Hødd – Vidar 1-1 (0-0) HøddvollMål: 1-0 Naglestad (68, straffe), 1-1 Randulff (89) Tilskodarar: 1177 selde billettar og sesongkortDommar: André Knudsen Arnholt, Østsiden AskøyGule kort: Hagen, Wrele (Hødd), Hellestø (Vidar) Hødd: Ole-Monrad Alme – Eirik Haugan, Steffen Moltu (K), Henrik Breimyr – Preben Sætre, Marius Hagen, Joakim Wrele, Bendik Rise, Johannes Sundgot (Saunes 84) – Robin Hjelmeseth (Joachim Osvold 67), Markus Naglestad.

Markus Naglestad måtte skuffa setje seg ned på bana og innsjå at han og Hødd sløste vekk to poeng mot Vidar - eit lag dei absolutt burde ha slått. Naglestad brende sjølv tre fiete sjansar, i tillegg til å score på straffespark. Til venstre innbytar Eirik Saunes. Foto: Svein Olav Humberset
Sindre Eid var etter kampslutt skuffa av fleire grunnar. Først og fremst mislikte Hødd-trenaren at det tok ein halvtimen før laget hans kom i gang på Høddvoll. Og for andre var Eid misnøgd med utteljinga på dei mange sjansane Hødd skapte. Berre eitt mål klarte Hødd å score - og det kom på straffespark. Foto: Svein Olav Humberset