Øystein Drabløs Langlo er ein av dei som har treft på smågnagaren i vår. På ein organisert skitur til Risenosa i Ørsta (ja, nokre går framleis på ski) på Kristi Himmelfartsdag, trefte dei på eit lemen som var svært nærgåande og oppsøkande.

– Vi utnytta situasjonen til å ta nokre flotte bilete og videosnuttar av den spesielle situasjonen. Då vi prøvde å gå vidare, prøvde lemenet å slå følgje og det var då vi fekk teke bilete av lemenet ved mi ski og sko. Eg prøvde å unngå å trakke på den ved å kaste ein matbit ved sida. Det gjekk ikkje, men til slutt sprang den sin veg, fortel han.

Skiløparane trefte på mange andre lemen på same tur.

– Og vi har treft på lemen på kvar einaste topptur i april og mai, seier Langlo.

Han er truleg ikkje den einaste. Ifølgje Norsk institutt for naturforsking kan det ligge an til å bli rekordmange lemen i fleire fjellområde i Sør- og Midt-Norge i 2018.

Det ligger an til å bli et rekordår for lemen i fjellet i Sør- og Midt-Norge i år. Foto: Øystein Drabløs Langlo

Forskarane har fått melding om mange observasjonar og lemenspor i snøen frå Nord-Trøndelag og sørover.

Nøkkelart

Sist gong vi hadde eit skikkeleg lemenår, var i 2011. Lemen er ein nøkkelart, som betyr at fleire artar er avhengig av smågnagaren for å få fram eigne ungar, skriv instituttet.

– Overvakingsprogrammet for fjellrev viser at fjellreven ikkje ynglar når det er lite mus og lemen. Utan regelmessige lemenår står fjellreven i fare for å forsvinne, seier Nina E. Eide, seniorforskar ved instituttet.

– Det stemmer at det kan ligge an til lemenår. Men korleis dei lokale forholda er på Sunnmøre har eg ikkje kjennskap til, seier Eide då Sunnmørsposten tek kontakt.

Statens naturoppsyn sitt lokalkontor i Geiranger kan ikkje stadfeste enno om det er lemenår i fjella her, men dei kan bekrefte at mange fjellfolk melder om mykje lemen.

Også skiløparen Langlo fortel at det er mange som snakkar om at det er smågnagarår i år.