– Han vedgår ikkje straffskuld. Saka reiser både faktiske og rettslege spørsmål som tiltalte er ueinig i, seier advokat Håkon Sætre Rasmussen, som er forsvarar for mannen.

Tiltalen gjeld brot på arbeidsmiljølova.

Statsadvokaten meiner mannen i eigenskap av drifts- ansvarleg ikkje sikra godt nok arbeidsstaden i området ved ein veg med ferdsel.

Mannen er også tiltalt for ikkje å ha vurdert risiko og fare som arbeidet med trefelling ville føre med seg på staden.

Eit tre fall over vegen og trefte ein forbipasserande, som døydde av skadane.

Det er sett av to dagar til saka.