– Minutta tel når det gjeld å varsle ei ulykke. Så vi er ikkje er nøgd med at det manglar mobildekning, ikkje minst med tanke på den store trafikken som er på denne vegen kvar sommar.

Det seier lensmann Øyvind Verpeide om den 11 kilometer lange strekninga frå Trollstigen i retning Valldal som framleis er utan mobildekning.

Det var her det skjedde ei ulykke 2. pinsedag. Fem personar var involverte då to bilar kolliderte i 16-tida på fylkesveg 63.

Det var ein forbipasserande som melde frå til AMK-sentralen. Han måtte ifølgje Åndalsnes Avis køyre fire kilometer, heilt til kafeen på Trollstigen, for å få ringt etter hjelp.

Dei fem vart frakta til sjukehus i Ålesund og Molde. I den eine bilen, heimehøyrande i Ørsta, sat det fire personar. I den andre, frå Rauma, sat det ein person.

To av dei vart henta med luftambulanse, dei andre tre i ambulansebilar, opplyser lensmannen.

– Ulykka skjedde ein kilometer frå kommunegrensa til Rauma. Dei to bilane kolliderte ikkje langt frå ei naudnettsmast. Derimot er det ikkje mobildekning her, stadfestar Arne Sandnes, Sp-ordførar i Norddal kommune.

Naudetatane kan nytte naudnettet, men det kan ikkje andre.

– Ørkenvandring

Arne Sandnes synest situasjonen er hårreisande, med tanke på at dette er ei sak han har teke opp år etter år. Utan at det er blitt noko betre.

– Det siste no er at fylkesmannen ber fylkeskommunen ordne opp, fordi dei er eigar av vegen. Og så svarer fylkeskommunen at det iallfall ikkje kan skje noko i år. Då er denne saka ute på ei ny ørkenvandring, medan mange hundre tusen turistar skal ferdast på nettopp denne vegen i sommar, seier Sandnes.

Han legg til at dei tekniske løysingane, som lenge var eit problem, no er på plass. Det er nemleg snakk om å nytte naudtelefonar, slik som i mange vegtunnelar.

– Investeringa er på i underkant av ein million kroner. Det er overkommeleg for rike Norge, seier Norddal-ordføraren.

Han peikar mellom anna på at det frå statleg hald mange gonger er blitt sagt turisme er eit satsingsområde i Norge.

– At det då skal skje ulykker på ein turistveg utan telefondekning vil slå uheldig ut også for næringa, meiner Sandnes.

Ein av etatane som var i aksjon på ulykkesstaden 2. pinsedag, var brannvesenet.

Brannsjef Lars Kjell Smoge i Norddal seier det er trist at det ikkje skal gå an å få på plass ei løysing:

– Vi i brannvesenet har kommunikasjon. Vi har både naudnett og satellittelefon. Men det hjelp ikkje dei som skal ringe til naudetatane. For dei har jo ikkje slikt utstyr.

– Det er kome forslag om å plassere ut naudtelefonar her. Kva synest du om det?

– Det er betre enn ikkje noko. Men det einaste som kan kallast ei god løysing er å få på plass mobildekning også på denne aktuelle strekninga, seier brannsjefen i Norddal.

Stortinget

Også på Stortinget har dei fått med seg det som skjedde ved Trollstigen 2. pinsedag.

Fredric Holen Bjørdal frå Ap har no sendt eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren:

«Trollstigen langs fv. 63 er ein av landets best besøkte turist- attraksjonar, og vegstykket har status som nasjonal turistveg. På 11 km av strekninga er det ikkje mobildekning. Det er ei trafikktryggingsutfordring på ei utsett strekning med mange trafikkulykker. Fleire instansar har vurdert saka, men forsøket på å få mobildekning eller naudtelefonar hit har ikkje lukkast. Vil regjeringa ta tak i saka slik at også trafikantane på denne strekninga kan varsle naudetatane om trafikkulukker?»

OPPGITT: Arne Sandnes, ordførar i Norddal. Foto: Terje Engås
VIKTIG: Kvart minutt tel, seier lensmann Øyvind Verpeide. Foto: Frode Kleiveland