Politiet melder om ei trafikkulykke på E39 på Ørskogfjellet onsdag føremiddag.

- Ein bil har køyrd av vegen. Ein person i bilen - ei kvinne i 70-åra frå Ålesund, heiter det.

Ifølgje politiet er det snakk om liten eller ingen personskade.

Når det gjeld bilen, så skal denne stå langt utom vegen - og ikkje vere til hinder for trafikken.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 10.17.