Det seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) i Sykkylven. Også han fekk telefon frå Ekornes-sjef Olav Holst-Dyrnes tysdag kveld, så han skulle vere budd på mediatrøkket onsdag.

– Vi er ikkje uvande med utanlandske eigarar, og gjennom IMG har Ekornes allereie fabrikkar i Asia. Likevel trur eg at dei nye eigarane vil halde fram produksjonen her i Sykkylven, seier Drotninghaug.

Han trur kinesarane ser verdien av at ikkje alt blir produsert i Kina.

– Det verste som kunne skje var at Ekornes forsvann frå kommunen vår. Det ville vere ei katastrofe. For vi er heilt avhengige av Ekornes.

Han legg til at Ekornes har fleire lokale underleverandørar – og tilsette frå heile regionen, ikkje berre Sykkylven.