Det seier Jan Kato Klokk på stålavdelinga ved Ekornes-fabrikken i Sykkylven.

Han fekk onsdag helse på Ruihai Zhao – styreleiaren i Qumei Home Furnishings Group, som no har lagt inn bod på heile Ekornes-konsernet.

Klokk ante ikkje noko om salet av Ekornes før dei tilsette vart informerte onsdag morgon.

Ikkje nervøs

Men han er ikkje nervøs for arbeidsplassane:

– Eg trur ikkje at kinesarane har kjøpt alt dette berre for å flagge ut bedrifta. Så dette oppkjøpet er nok ikkje så farleg. Dei vil i staden tene på å halde fram i Sykkylven, meiner Klokk.

– Kva for ein arbeidsplass er det kinesarane no kan overta?

– Ein god arbeidsplass med trufaste tilsette som blir her lenge. Sjølv har eg arbeidd her i 18 år. Men det er mange som har vore her mykje lenger. Ja, det er nesten slik at dei første ti åra er du nærast for nytilsett å rekne, smiler Klokk.

47-åringen fortel om ein god tone mellom leiing og dei andre tilsette, og om sosiale tiltak på fritida. Neste helg skal til dømes dei tilsette på stålavdelinga på helgetur til Trandal i Hjørundfjorden.

– Slike turar bidreg til at fellesskapet blir forsterka, meiner han.

Klokk er heller ikkje ukjend med Kina. Gjennom jobben har han vore der om lag ti gonger.

Svært overraska

Ute på gata i Sykkylven sentrum var det fleire som var svært overraska over nyheita:

– Hæ!? Er det mogleg?, sa eg då eg høyrde meldinga på radio, fortel Tove Hjelle Eliassen.

Ho synest det er litt nifst, med tanke på kor viktig Ekornes er for heile lokalsamfunnet:

– Vi såg jo korleis det gjekk med Hjellegjerde til slutt, så vi veit jo ikkje heilt kva som vil skje, legg ho til.

Sonja Gyda Hjelle er einig:

– Dette salet er eg litt skeptisk til. Vi får verkeleg håpe at dei har tenkt å behalde produksjonen her i kommunen.

– Ja, går det gale med Ekornes, så går det utover alle her, både andre bedrifter – og ikkje minst butikkane. Det er nok fleire av dei som må stengje dørene om Ekornes forsvinn, seier Tove Hjelle Eliassen.

Tove Hjelle Eliassen og Sonja Gyda Hjelle er begge skeptiske til salet av Ekornes til Kina. Foto: Nils Harald Ånstad