Det var i samband med dei mange raude dagane no i mai at prost Ingeborg Matre kom med oppmodinga:

– Ta heilt fri og lag ikkje unødig bråk. Still deg heller opp og høyr – eller sjå graset gro!

Denne tilrådinga handla truleg meir om mental meditasjon enn om konkrete nærstudiar av gras. I alle fall, bonden – som indirekte lever av nettopp gras – har sine heilt eigne nærstudiar av veksten på eng og beite. Og då særleg sorten som går under nemninga ugras.

Ein som akkurat no har studert grundig eit stykke leigemark, er heiltids mjølkebonde Thomas Barstad i Follestaddalen i Ørsta. Enga vi står ved har truleg ikkje vore snudd i alle fall dei siste hundre åra, vurderer han.

Tallause artar av ugras

– Her er nesten tallause artar av ugras, eller blomster som ein i beste fall kan kalle nokre av dei. I over to år har eg prøvd med både det eine og det andre middelet, men med berre delvis effekt.

– No såg eg inga anna råd enn å ta plogen fatt og snu heile greia opp ned, fortel Barstad. Han reknar med at nokre seinare rundar med ugrashorv skal gjere restjobben – og gjere attelega her bortimot ugrasfri.

Ta det vonde ved rota

– Er det nødvendig å ha heilt ugrasfri eng – og er det nødvendig å ta skalpen på blomsterpryden akkurat no?

– Ein må ta vondet ved rota, som det heiter. Og ein må absolutt helst gjere det no ja – før nye frø fell til jorda.

– Når det gjeld heilt ugrasfri eng, så er det bortimot uoppnåeleg. Men ein prøver å gjere konkurransen mot kulturgraset minst muleg, forklarer bonden og held fram:

– Ei best muleg sortsamansett kultureng er utan tvil det som gjev mest og best mjølk på tanken. Der kan ikkje ugraset konkurrere, om det er aldri så forførerisk fint akkurat no i blømingstida, smiler bonden. Han driv i samdrift med broren.

Her finst bønder som driv økologisk også i Ørsta, altså utan bruk av gift eller kunstig gjødsel. Kunne du ha gjort det same, mot ditt ugras?

– Det kan eg seie med ein gong, at det ville eg ikkje ha prøvd på eingong. Eg går gjerne så langt som til å kalle meg antiøkologisk, så spesielt det enn kan høyrest!

– Men gardsdrift er vel grunnleggjande økologi?

– Jau då. Men eg plar seie at det er betre å svelte i hel straks, enn å kalle seg økologisk og satse på ein langsam sveltedaud.

– Ok, eg set det på spissen. Men for å drive økologisk må du gjere det på eit vesentleg større areal. Dermed får du mellom anna ein veldig auka dekkslitasje og auka forbruk av drivstoffolje. Det er i alle fall ikkje økologisk, eller miljøvenleg, same kva, insisterer bonde Thomas Barstad. Så set han seg framfor plogen att og sender nye striper med ugras i ei tidleg grav. Før dei får blomstra av – og fører til nytt kav.

Rådgjevar – for gras og ugras

Med på denne gras- og ugrassynfaringa, tilfeldig valt kring vakre Follestaddalen, er fagpersonen Randi Hodnefjell. Ho har utdanning innan plantevitskap frå det som før var Norges landbrukshøgskule, og ho arbeider som rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving vest, avdeling Ørsta. Her fekk ho sin første jobb i fjor haust, etter fullført utdanning.

– Synest du det er vakkert med alt ugraset vi ser denne seine maidagen?

– Ja, med dette vêret under blå himmel i tillegg, så er det uendeleg vakkert! Men det varer jo ikkje så lenge før det visnar, det må vi i vårt fag få lov til å minne oss sjølve om, ler Hodnefjell. Ho er oppvaksen ved Mosterøy nord for Stavanger, med ein morfar som var heradsagronom. Frå han arva ho interessa for det noko spesielle faget plantevitskap.

– Ja, han gjorde planteriket levande for oss og vekte nyfikna, stadfestar Hodnefjell.

Prøver utan gift først

– Når du har fått svært inngåande kjennskap til plantebiologi og fysiologi og det heile, kva meiner du om å bruke giftstoff mot nokre utvalde planter. Plantevernmiddel som det også vert kalla?

– Å bruke gift for å få bukt med ugras bør aldri vere førstevalet, kanskje heller sistevalet, seier Hodnefjell. Ho meiner norsk landbruk er svært miljøvenleg, sett i global målestokk.

– I mitt virke tilrår eg alltid å prøve ut mekaniske og giftfrie metodar først. Slik som pløying og horving.

– Å lage eit falskt såbed er ein metode. Då pløyer ein først. Så ventar ein til ugraset har spirt opp frå molda, og så knuser ein det mekanisk med horv. Her er fleire metodar, men kvar bonde må også tilpasse den som høver best på sitt bruk, understrekar Hodnefjell.

Siv som spreier seg

– Finst her nokon nye typar ugras?

– Dei aller fleste er nok kjende frå før. Her er likevel eitt som har breidd veldig om seg den seinare tid, siv. Det liknar litt på sølvbunke, men er noko heilt anna. Særleg på beite for småfe kan dette ta heilt overhand. Her kan det nokre gonger måtte til både hard mekanisk og like hard kjemisk medisin til for å få bukt, erfarer Hodnefjell.

Eit anna ugras som har gjort seg gjeldande skal vere engkarse. Fint namn, men her skal ein ikkje skode blada på håra.

Å slå freda natureng med ljå

Når det gjeld gras/ugras som faktisk SKAL få vekse vilt og uhemma, nemner ho nokre bestemte typar av natureng.

– Desse har fått ein status med nasjonal verneverdi, og skal slåast berre ein gong for vekstsesongen, seint og alltid etter blomstring. Til desse kan det søkjast spesielle tilskot, opplyser Randi Hodnefjell. Det har funnest fleire slike felt i til dømes i Volda og Ørsta, der mellom anna lokallaget av Naturvernforbundet har teke ljåen fatt. Også på Årsetøya i Austefjorden i Volda vert det drive naturengslått etter dette prinsippet. Der vert det aldri gjort skilnad på gras og ugras. All gjødsling er også av typen naturell, utan noko tilført.

Mannen med ljåen

Kanskje var det ei slik natureng han hadde i tankane, diktarkjempa Olav H. Hauge frå Ulvik i Hardanger – då han skreiv diktet «Ljåen»:

Eg er so gamalat eg held meg til ljå.Stilt syng han i graset,og tankane kan gå.Det gjer ikkje vondt heller,segjer graset,å falla for ljå.