– Vi er på staden. Det er ikkje personar som er skadd. Meldinga går på at det har vore steinsprut frå sprenginga. Dette skal ha treft eit hus, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten.

Brannmannskap er også på staden.

Lokalavisa Vestlandsnytt skriv at det har vore ei sprengingsulukke i Skarabakken. Bilde dei har teke viser eit nabohus som er skadd.

- Det var ei gleppe i fjellet som det ikkje var tatt høgde for. Til alt hell er der ingen personskade, opplyser lensmann Tor Sæther til avisa på staden.