Det var klokka 00.14 natt til torsdag at politiet fekk melding om ei trafikkulykke på Fiskarstrand i Sula.

– Vi fekk melding om at ein einsleg sjåfør var forulykka. Der var fleire som kom til staden og som sette i gong førstehjelp og fekk tilkalla ambulanse, seier jourhavande politiadvokat Mathias Häber.

Ambulansepersonale kom på staden og forsøkte livreddande førstehjelp, men mannen blei etter kort tid erklært død.

Trefte kant

– Vi er i gong med å avhøyre vitne. Fleire vitne høyrde bilen i forkant, og eitt vitne skal kort tid etter ha observert bilen flyge av vegen og rulle, seier Häber.

– Frå vitne har vi fått oppgitt at det høyrdest ut som om bilen skal ha halde høg fart. Spor på staden synast å underbygge dette. Ut ifrå spor på staden ser det ut til at bilen har treft ein kant under oppbremsing, og at dette har sendt bilen på avvege. Det kan synast som om bilen har trilla rundt og etter kvart landa ute på eit jorde, seier Häber.

Undersøkingar

Politiet har sett i verk tekniske undersøkingar og åstadsundersøykingar på ulykkesstaden. Statens vegvesen si ulykkesgruppe gjer også undersøkingar.

Seksjonsleiar Runar Inge Larsen i vegvesenet opplyser at det vil bli gjennomført ein tverrfagleg befaring ein av dei første dagane.

– Det same gjeld tekniske undersøkingar av kjøretøyet. Vår rapport til politiet tek litt tid, då dette er ressurskrevande arbeid, opplyser Larsen.