Så langt i 2018 er det samla underskotet i Møre og Romsdal 11,7 millionar kroner – noko som faktisk er betre enn det har vore i same periode tidlegare år.

Underskotet i år skuldast i første rekkje høgare lønskostnader enn føresett, ifølgje direktør Espen Remme.

NRK melder at helseføretaket kjem til å ende opp 40 millionar dårlegare enn budsjettert med den noverande utviklinga.

Helse Møre og Romsdal brukte nær 19.000 overtidstimar i april. Dette er 2.000 timar meir enn i april i fjor, ifølgje NRK.

Om ein reknar dette som månadsverk har føretaket brukt 30 månadsverk meir i april 2018 enn i tilsvarande månad i fjor.

Dette er ikkje heilt i harmoni med ambisjonen om kutt i årsverk for å kome i balanse.