Søndag kan velforeininga feire aktivitetsparken på Måsøyra.

På andre dag av Ørskogdagane blir det offisiell opning, til tonar av Ørskog Storblåsarsamband, kanskje betre kjend som Øss’n.

– Sjøholt i ferd med å reise seg

Utsikta ut over Storfjorden er det ingen ting å seie på.

– Elementa i parken er valt ut av kommunen sin fysioterapeut, fortel Grete Lid Amdam i Sjøholt velforeining.

Her er det apparat som passar også for dei minste som skal lære seg å gå, fortel Gunnhild Todal i Ørskog frivilligsentral.

Og parken er allereie mykje brukt fortel dei.

– Sjøholt er i ferd med å reise seg. Optimismen er tilbake, understrekar Grete Lid Amdam.

Og ikkje nok med det

Eit stupebrett borte ved kyrkja på Sjøholt er lova i løpet av sommaren.

Og ved bensinstasjonen skal det kome ein aktivitetspark for ungdom, fortel Runa Klock i kommunen.

– Denne veka fekk eg kontrakt på leige av «Shell-tomta». Planen no er å tromme saman ungdommane i bygda og øyre kva dei har lyst å gjere der, fortel Klock.

Ved kafeen Systra har det nettopp kome utebenkar vendt vekk frå trafikkstøyen.

Det blir også jobba med å finne ut om det er mogleg med ein kyststi langs sjøen.

Og så er det private som vurderer utvikling av sine eigedommar på sørsida av Sjøholt sentrum, eller Øyra, får Sunnmørsposten opplyst hos kommunen.

– Det hadde vore ein god ide å pynte bygget i bakgrunnen her og bygge leilegheiter, meiner Gunnhild Todal og Grete Amdam.

Ørskogdagane

Ørskogdagane opnar i føremiddag, med blant andre cheerleadinggruppa Ørskog Angels. Så er det motbakkeløp, gateløp for barn og «Damenes stilettløp». Bygdas to andre korps, Ørskog Brass og Ørskog skulekorps, skal også delta.

Søndag er det aktivitetsparken på Måsøyra som står i sentrum. Amdam og Todal seier dei er spent på om dei har med nok grillpølser og kake.

Og vedlikehaldet av den nye parken? Det har dei tenkt på.

Meir enn ti frivillige har meldt seg til å halde det ryddig og i orden, fortel damene.

Utsikt: Gunnhild Todal i aktivitet mens Grete Lid Amdam kviler. Foto: PER OVE STIGE