– Turistane finn ikkje fram til toaletta, og gjer frå seg i terrenget ved Flydalsjuvet. Det flyt med menneskeleg avføring og toalettpapir. På varme dagar er det så ille at eg ikkje kan bruke eigedomen min.

Det seier Inger Line Flydal, som bur like ved turistmagneten Flydalsjuvet.

Fleire hundre tusen turistar stoppar her kvar sommar for å sjå på den spektakulære utsikta over Geiranger og fjorden.

Nokre av dei legg igjen ubehagelege spor:

– Det er sett opp eit toalett litt lenger unna. Men det manglar skilt som fortel turistane om dette. Dessutan er det ein del villcamping her. Så både vi som bur her fast, og dei som har hytter her i området, finn spor etter ekskrement både i råsa og rundt hushjørna, seier Flydal.

Grillar og boksar

Ho legg til at dei som villcampar her legg også igjen ein god del søppel, som til dømes eingongsgrillar og hermetikkboksar.

– Det har vore så ille at eg har teke på meg gummihanskar og munnbind for å plukke søppel.

Flydal seier at ho etterlyser både gjerde og skilting, og legg til at dette tok ho opp med vegvesenet allereie for eit par år sidan, men utan at noko har skjedd.

Så no har ho skrive eit nytt brev, og også fått 11 hyttenaboar til å skrive under.

I tillegg får ho støtte frå Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp):

– Dette støttar eg. Det er viktig at det er ryddig og reint i Geiranger, seier han.

Tiltak på veg

Og no kjem det tiltak, lovar sjef-ingeniør Grete Kongshaug i Nasjonal turistveg, som er ein del av Statens vegvesen:

– At det er så mange som ønsker å besøke Geiranger er positivt. Men det har samtidig sine utfordringar, seier ho.

– Vi har hatt ei stor oppgradering ved Flydalsjuvet. Det er bygd toalett ikkje langt unna, og parkeringsplassen er utbetra. Då trudde vi at gjerde og skilt var unødvendig. Men nå ser vi at det likevel ikkje er det, og har bestilt både skilt og gjerde som kjem opp i år.

Grete Kongshaug fortel at skilta vil fortelje turistane både kvar dei kan finne næraste toalett, og at camping er forbode.

– Vidare skal vi gjerde inn området, legg Kongshaug til.

TURISTMAGNET: Turistane har ikkje problem med å finne fotomotiv frå Flydalsjuvet. No skal nye skilt også hjelpe dei med å finne fram til toaletta. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS Foto: Terje Engås