Det er problem på ferja mellom Liabygda og Stranda laurdag ettermiddag. B-ferja er innstilt inntil vidare, melder Fjord1, utan å oppgi noko årsak.

Men selskapet melde laurdag formiddag at det var tekniske problem på rute 14 Stranda - Liabygda. To avgangar var kansellert.

Avgang frå Stranda kl 11.10 og Liabygda kl 11.30 er kansellert, heitte det i meldinga frå ferjeselskapet før på dag, men like før klokka 14.30 er B-ferja heilt ute av drift inntil vidare.

16.40 melder Fjord1 at det er ordinær drift i sambandet igjen, med to ferjer fra klokka 16.50.