Lodve Solholm legg avgjerande vekt på at eit stort fleirtal av innbyggarane ønskjer å høyre til Aukra kommune og Molde-regionen.

Fylkesmannen meiner og at ei grensejustering som gjeld 0,01 prosent av det totale innbyggartalet i nye Ålesund, ikkje vil påverke tenestetilbodet til dei andre innbyggarane.

Når det gjeld havområda, skriv fylkesmannen i tilrådinga at grensejusteringa ikkje vil svekke næringsgrunnlaget i den nye kommunen. Han legg dermed ikkje avgjerande vekt på Sandøy og nye Ålesund sitt ønske om å behalde havarealet. Han legg derimot stor vekt på at søkarane definerer Romsdalsregionen som sin naturlege kvardagsregion.

Fakta

  • Det bur 17 personar på Ona, 11 på Orten og 35 på Sandøya.

  • Folketalet på øyane utgjer 5,5 prosent av innbyggarane i Sandøy og 0,01 prosent av innbyggartalet i nye Ålesund kommune.

  • Grensejusteringa gjeld og Lyngværet og Flatflesa.