Giganthall på 8.500 kvadratmeter er reist ved Ørsta stadion – prislapp på 190 mill. kr.

– Mykje stolt av storstova

– Å få gå rundt på byggjeplassen er noko anna enn å sjå på byggjeteikningar. Storstova gjer meg stolt!

FRISK FARGE: Ordførar Stein Aam t.v. og byggjeleiar Frank Flusund ved den sydaustre enden av fleirbrukshallen. Hallen er reist på kort tid no i vår, det vi ser her er garderobeanlegget. På denne sida kjem også springebane for oppvarming i heile lengda på bygget, med tribune mot fotballstadion som tak over denne. Fargen på den ferdige bygningen blir ein heilt annan, presiserer Aam og Flusund. 

Nyheter

Dette seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta. Sunnmørsposten fekk vere med han og byggjeleiar Frank Flusund på ein snartur innom dei oppstreka byggjegrensene.