– Sesongen for båtmotorar har starta. Det kan vere på sin plass å sjå til båtane sine, oppmodar Møre og Romdal politidistrikt etter fleire tjuveri av båtmotorar i helga.

Natt til laurdag blei tre båtmotorar stolne frå ei småbåthamn i Tennfjord i Haram.

Natt til søndag er to båtmotorar stolne frå småbåthamna i Fjørå i Norddal kommune, melder Møre og Romsdal politidistrikt.

Ser tjuveria i samanheng

Operasjonsleiar Tor André Gram Franck seier til Sunnmørsposten at politiet har vore ute og sikra spor etter tjuveria.

– Vi ser tjuveria i samanheng, seier Franck og oppmodar folk om å sjekke at alt er i orden på båtane andre stader i distriktet.

Relativt nye motorar

Båtmotorane som er stolne er mellom 50 og 100 hk. Dei er også relativt nye, så det er snakk om verdiar for ein del tusen kroner.

– Det er fortærande at ting som folk har glede av skal bli stole av folk som ikkje veit forskjell på ditt og mitt, seier Franck.

Han oppmodar folk i småbåthamner om å sjekke eventuelle overvakingskamera og gjerne notere bilnummer på bilar som ikkje høyrer til der.