Det har lenge vore skogbrann i området.

– 106 mål brenn eller har brent, og mykje folk er med og prøver å sløkke, sa Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen i Florø til Sunnmørsposten tidlegare i kveld.

Klokka 22.48 får vi stadfesta frå vaktleiar Siv Sørstrand at det er kontroll på brannen.

– No fekk vi akkurat inn melding frå piloten på helikopteret. Han melder om kontroll, seier Sørstrand. Mannskapa frå Eid får no lov til å reise heim att.

– Dette har gått bra etter tilhøva. Vi har sagt at 106 mål er svidd av, men det er ikkje offisielt stadfesta. Vindretninga har sørga for at det ikkje var fare for hus eller folk, seier Sørstrand like før klokka 23.

Eit helikopter har kjempa mot flammane, saman med folk frå brannvesenet i Vågsøy. To brannbilar og mannskap frå Eid har også vore med på sløkkinga.

Sivilforsvaret blei kalla ut, med eit mannskap på tolv til femten personar.

To brannar

Søndag ettermiddag blei det meldt om to brannar i terrenget i Vågsøy - både i Holvik og Måløy søndag.

Vest politidistrikt melde først om brann ovanfor gate 7/8 i Måløy i halv seks-tida søndag ettermiddag. Brannen skal ha vore i nærleiken av ei mast og høgspentleidningar. Denne brannen skal etter kvart ha blitt sløkt.

– No er det berre brannvakt der, slik at heile styrken kan konsentrere seg om å få sløkt brannen i Holvik, seier Holvik, som har namnet sitt frå den brannherja bygda.

Evakuert på grunn av røyk

Fjordenes Tidende melde først at det ikkje skal ha vore fare for hus og at ingen var evakuert. Seinare blir det meldt at folk er evakuert frå husa sine som følgje av brannen.

– Husa er ikkje så veldig nær brannen. Det skal ha starta 20 til 30 meter frå næraste hus, men så spreidde brannen seg oppover skogen. Politiet har evakuert folk på grunn av røyk, seier Holvik til Sunnmørsposten.

NRK Sogn og Fjordane melder at det er full utrykning både frå brannvesena både i Eid og Vågsøy.

– Brannen i Holvik er hissig og spreier seg. Det er nordaustleg vind i området, noko som gjer at vi ikkje har kontroll der, seier Nina Andal ved alarmsentralen i Florø til NRK.

– Kva er årsaka til at det begynte å brenne i Holvik?

– Det er meldt at det small og så tok fyr. Sannsynlegvis er det ein trafo, men dette blir berre spekulasjonar, seier Holvik til Sunnmørsposten.

Saka blir oppdatert.

Det er tørt i terrenget fleire stader i landet og stor skogbrannfare. Søndag er det to brannar i Vågsøy. Den eine er i terrenget, ikkje så langt frå busetnaden. Foto: Anders Remøy