– Det har skjedd ein del på vegen. Blant anna har vi gått frå fem til fire medlemmer, og blitt meir gitarorientert og rocka, seier vokalist, gitarist og låtskrivar bak dei åtte låtane, Tonje Tafjord. Som blant andre har med seg sunnmøringane Siril Malmedal Hauge og Marius Solevågseide på koring. Tonje, som kjem frå Tafjord, har master i musikkvitskap frå Trondheim med fløyte som hovudinstrument og er busett i Oslo, skriv tekstar på nynorsk, med titlar som «Kvardag», «Du kan bruke mørket innanfrå til lys», «Mørkerom», «Heime» og «Dumrian».

– Den siste har å gjere med at eg av og til føler eg gjer dei same dumme tinga om og om igjen, at eg kjem inn i ein sirkel som ikkje er så lur, fortel ho. Albumet blei innspelt for lenge sidan, men kom ikkje ut før no fordi alt tar tid og kostar pengar i musikkbransjen. Bandet har tidlegare gitt ut EP-en «Stummande mørke», utan at denne gav eit særleg godt frampeik på den anakronistiske indierocken som pregar albumet, heiter det i omtalen av albumet.

– Det er slik han som har skrive pressemeldinga oppfattar oss. Eg har ikkje brukt ordet anakronistisk. Men det har vel å gjere med at vi ikkje er opptatt av trenden, vi brukar lite programmert musikk og gjer akkurat det vi synest er gøy, seier Tafjord.