Kongen har utnemnt direktør Ottar Grepstad til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, ifølgje ei melding frå slottet.

Han får den kongelege heideren for sin innsats for å fremme nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Til hausten blir Grepstad pensjonist etter at han har vore direktør ved Nynorsk kultursentrum i 19 år.

– Dette er litt pinleg og mest stas. Eg har hatt god tid til å venje meg til dette, men står framleis utanfor tanken. Eg har gjort ein jobb og sikkert meir enn eg måtte, mest fordi det har vore kjekt og så mange fine folk eg har fått samarbeide med, seier Grepstad ifølgje ei pressemelding frå arbeidsgjevaren

Grepstad blir tildelt utmerkinga av fylkesmann Lodve Solholm under eit arrangement ved Ivar Aasen-tunet i Volda onsdag 6. juni