Eit nytt talent har tydelegvis stige til overflata på Flemsøya. Bakom sceneteppet på Nordøy grendehus finst det no diger klatrevegg med ruter av varierande vanskegrad.

Endå det er ein strålande solsøndag dreg opninga fullt hus.

– Spennande å kunne få prøve dette. Det går mykje i fotball og slikt, men det gjer berre godt å få bruke kroppen på fleire måtar, seier Markus sin far, Per Jarle Fjørtoft.

I mellomtida har ti år gamle Ingrid Flem gått til topps i den mellomste ruta.

– Vi hadde ikkje rekna med at det skulle bli så mykje folk, medgjev Christian Rønning – ein av mange pådrivarar.

Både han og Øystein Bergheim arbeidde offshore før. I fritørnene hadde sjøgutane det med å klatre i Brattvåg-hallen.

Det gjekk ikkje lengje før dei byrja drøyme om noko liknande heime på Nordøyane.

No er veggen ferdig på dugnad og garantert mellom andre av idrettslaget, kor Nordøyveggen heretter blir eit underbruk.

Vekselbruk er målet. Det er ikkje lett å sjå kvar skulen sluttar og grendehuset tek over.

Etter kvart som karane får kursa fleire i sikring, kan både skule, barnehage og andre få glede av nyskapinga.

– Vi håpar veggen kan bli ein liten spire. Det skal vere noko lett alle kan klare. Så får ein heller trappe opp i Brattvåg eller Sunnmørshallen seinare.

Nordøyveggen kan «stillast om» etter kvart som brukarane vil ha nye rute-utfordringar.

– Tiltaket handlar i første rekkje om å gje borna ein smak på kva dette er. Og dei er heldigvis fole ivrige allereie!

Christian Rønning kan elles fortelje at ura på nordsida av øya har mange flotte buldre-steinar, så det er fullt mogleg å søkje utandørs med tida.