Dette er noko av det som blir løfta fram og lagt til rette for dei som kjem kystpilegrimsleia til byen.

– Folk reiser til Spania for å gå pilegrimsruta Santiago de Compostela, men også her lokalt har vi mykje å tilby. Det gjeld å løfte fram våre eigne av mellomalderkyrkjer og pilegrimsruter og gjere dei synlege og tilgjengelege for dagens pilegrimar.

Det meiner medlemmane i arbeidsgruppa som eit halvt års tid har jobba med kystpilegrimsleia i Ålesund, som er ein del av pilegrimsvegen som går langs kysten frå Stavanger til Nidaros. Borgundgavlen med Middelaldermuseet og Borgund kyrkje er valt ut som ein av nøkkelstadene for kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal.

Ruinar: – Av desse restane av dei tre mellomalderkyrkjene i Borgund skal vi forme ei kyrkje og legge eit glastak over, forklarer Heidi Haugene om pilegrimsplanane til Middelaldermuseet. Foto: Solfrid Vartdal

Markering

– Opninga av leia blir markert søndag 24. juni med pilegrimsgudsteneste, kyrkjekaffi med mellomalderføredrag, fortel sokneprest i Borgund, Kari Vatne, som legg til at det til denne gudstenesta og pilegrimsgudsteneste som skal haldast kvar onsdag sommaren gjennom er laga ein eigen liturgi.

– Å vere pilegrim handlar om å vere på vandring, både i sitt indre og reint fysisk. Under gudstenestene skal det brukast songar, bøner og tekstar som handlar om å vere på vandring. Det blir og sett av tid til refleksjon over dei store spørsmåla i livet. Mange ynskjer fred og ro til refleksjon, seier soknepresten.

Ho legg til at for dei mange som kjem enkeltvis for å ha ei stille stund i kyrkja, er det laga i stand eit ark med ei bøn og spørsmål til ettertanke.

– Og vi har fått laga eit nøkkelstempel for Borgund som pilegrimane kan få stempla i pilegrimspasset sitt, legg ho til.

Reiselivsprodukt

– Dette er eit reiselivsprodukt som handlar om å ta fram mellomaldertradisjonar og synleggjere, seier Jens Arne Gjørsvik som representerer Ålesund kommune i arbeidsgruppa.

Saman med soknepresten i Borgund, Anita Nøring frå Visit Ålesund og Heidi Haugene ved Sunnmøre Museum har han sett på korleis ein best kan ta imot pilegrimar som kjem hit.

– Vi trur dei fleste kjem sjøvegen anten med turistskip, eller eigne båtar, og då har vi informasjon klar som fortel korleis dei kan kome seg til Borgund anten med buss, båt eller ved å vandre over byfjellet Aksla med utsyn mot Olavskjelda i Vegsund, seier gjengen i arbeidsgruppa.