Stor skogbrann i Herøy:

Politiet: Stadfester at bruk av vinkelslipar utløyste brannen

Eit helikopter, brannvesen og sivilforsvaret kjempa mot ein større skogbrann i Herøy i Møre og Romsdal måndag. Tysdag held brannmannskapa framleis på med sløkking.
Nyheter

SISTE: I morgontimane tysdag melder politiet at brannmannskap framleis held fram med sløkking utover dagen.

Oppdragsleiar Leif Arne Mork stadfester rundt klokka 11 at bruk av vinkelslipar har starta brannen. Politiet ville måndag ikkje kommentere dette.

- Det vart tatt avhøyr av vedkommande på staden og oppretta sak, men det er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar dette kan få, seier han.

Naudetatane rykka måndag i 15-tida ut til ein større skogbrann/grasbrann i Sævikane på Remøya i Herøy måndag ettermiddag. Brannen spreidde seg i området oppover fjellsida bak husa.

Brannvesen og naudetatar er på staden, det same er mannskap frå Sivilforsvaret og eit skogbrannhelikopter.

I tillegg har eit anna helikopter som tilfeldigvis var i området hjelpt til i starten av sløkkingsarbeidet.

Kontroll – helikopter held fram i natt

Betydelig brann på Remøya måndag (video: Reidulf Botn)

Like etter klokka 16 opplyste brannvesenet at eitt helikopter var i gong med sløkking. Klokka 16.40 var helikopter nummer to, skogbrannhelikopteret, på plass. Dette har halde fram med sløkking kontinuerlig, men rundt klokka 19 måtte det ta ei pause for å tanke på Hovden flyplass.

110-sentralen i Møre og Romsdal opplyste at ein såg god effekt av sløkkinga, og at ein hadde kontroll på brannen mot husa.

– Meiner å ha kontroll

Like før klokka 21 melder 110-sentralen at brannvesenet meiner å ha kontroll på brannen.

– Nytt helikopter og mannskap er på plass for vidare sløkking og ettersløkking, per no brenn det høgt oppe i fjellsida, men ingen fare for bustadar, skriv 110-sentralen på Twitter.

– Sløkkingsarbeidet held fram med helikopter og folk frå brannvesen og sivilforsvar, og ein vil halde fram utover kvelden og natta, seier brannmester Tor Ivar Skjåstad til Sunnmørsposten måndag kveld.

– Vi reknar med at dette blir ein langvarig innsats, og der blir folk på staden utover natta.

– Kor stort område er det som brenn?

– Det er vanskeleg å si heilt sikkert. Dette er ein større brann i bratt og ulendt terreng, seier han.

– Det er også veldig tørt i området. Og enkelte stader kan brannen, erfaringsmessig, gå ned i jordsmonn eller torvparti, og kan ligge og ulme lenge. Så dette vil nok ta tid. Heldigvis er det lite vind, seier Skjåstad.

20 personar i terrenget

Innsatsleiar: Bård Mork i politiet i Møre og Romsdal.   Foto: Knut Arne Aarset

Politiet sin innsatsleiar på staden, Bård Mork, sa måndag kveld at der var over 20 personar, dei fleste frå Sivilforsvaret, oppe i terrenget.

– Dei driv heilt manuelt sløkkingsarbeid med brannriver, seier Mork.

Helikopteret og mannskapa har mykje av tida konsentrert seg om området sydaust for brannen.

Der er det eit stort samanhengande skogområde, så det var her det ville vere størst fare for eskalering til ein større brann.

Mot nordvest har det brent friskt, men dette området har brannmannskapa sett bort ifrå, for det endar mot stein og fjell.

Det lokale brannvernet på staden jobba med å sikre busetnaden ved etterslokking ovanfor husa med to slangar.


Både publikum på staden og innsatsleiaren var imponerte over helikopterpiloten, som slepte vassbombene med kirurgisk presisjon, kommenterer fleire.

– Dette er kvalitet for kvar vassdråpe, sa Mor til Sunnmørsposten, imponert over presisjonsnivået.

To helikopter kjempar mot flammane på Remøy. VIDEO: Odd Arne Arnesen

Brannårsak

Det ser ut som om brannen kan ha starta i nærleiken av eit hus. Operasjonsleiar Borge Amdam vil ikkje kommentere brannårsaka.

NRK får opplyst frå brannsjefen at brannårsaka skal vere bruk av vinkelslipar. Operasjonsleiar Borge Amdam i politiet seier det blir gjort undersøkingar på staden, og det er for tidleg å slå fast at dette er årsaka.

Skogbrann på Remøy.  Foto: Odd Arne Andersen

Helikopter var tilfeldigvis i området


Flere kommuner - inkludert Ålesund:

Nå er det totalforbud mot ild utendørs

Brannvesenet innfører totalforbud mot å gjøre opp ild utendørs i i flere kommuner på Sunnmøre.

Det første helikopteret som kom til staden var eit helikopter som tilfeldigvis var i området.

– Det helikopteret hadde tilfeldigvis ein pose eller vannsekk som ein kan bruke. Så no vart det sett inn her. Samstundes er det via Hovedredningssentralen rekvirert eit skogbrannhelikopter, som er på veg, seier brannmesteren.

Sunnmørsposten følgjer saka.