Det meiner Astrid Eidsvik som har vurdert fleire kritiske faktorar med tanke på å ta med fleire kommunar i nye Ålesund.

– Det er relativt mange risikoar å kome inn midt i prosjektperioden eller rett etter at etablering av den nye kommunen er eit faktum, skriv Eidsvik i saksutgreiing til fellesnemnda for dei fem kommunane som er i gang med samanslåing.

Vil ha med fleire

Fellesnemnda har vore positiv til å ta fleire kommunar inn i fellesskapen. Og Eidsvik meiner ein må stå fast ved dette.

Å byggje ein stor og robust kommune er meint å vere positivt for innbyggjarar og regionen. Men no er det altså begynt å bli for seint å melde seg på – i denne omgang.

Dei fem kommunane riggar organisasjonen, og om fleire skal med, meiner Eidsvik det må skje seinast rundt 1. september i år. Neste sjanse blir rundt 2025 – altså om sju år.

– Når vi har vore ny kommune i ein femårsperiode, vil mykje vere på plass og organisasjonen kan vere klar til eventuelt å fusjonere inn nye kommunar, meiner ho.

Leiarar i viktige stillingar rundt rådmannen blir snart tilsett. Jobbane går til personar som er tilsett i ein av dei fem kommunane som i dag er med i nye Ålesund. Om nye kommunar kjem inn etter hausten 2018, vil leiarar der ikkje bli med i konkurransen om stillingane. Eidsvik meiner det då er større sjanse for at ein må seie opp folk, noko som kan skape frustrasjon i grupper med nøkkelposisjonar, manglande motivasjon og auka sjukefråvær.

Arbeid med utvikling

Eit anna kritisk moment er at budsjettprosessen blir sett under uønskt press, om nye kommunar kjem inn seinare.

Mykje er på plass i 2020, men det er då utviklingsarbeidet startar – det som skal vere gevinsten med samanslåinga.

– Viss nye kommunar melders seg straks nye Ålesund er etablert, får ikkje den nye kommunen konsentrert seg om desse viktige utviklingsoppgåvene, meiner Eidsvik.

Ordførarar som Sunnmørsposten har snakka med, let seg ikkje stresse av tidsfristen.

– Giske har ikkje behov for å trenge seg på ein nabo, men vi veit at dei må ha kjapp tilbakemelding. No ventar vi ein rapport om status og evne til å stå åleine vidare, seier ordførar Harry Valderhaug (KrF) i Giske.

Spørsmålet om framtida kjem opp politisk i juni.

Vegen vidare

Også Sykkylven kommune har spørsmålet på dagsorden, men ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) understrekar at dei har tre alternativ: Halde fram åleine, gå saman med Ålesund eller med Stranda. Saka skal opp politisk i juni.

– Då skal vi bestemme vegen vidare, seier Drotninghaug som meiner det ikkje er problem å nå fristen viss det er dette alternativet som blir vedteke.

Sula ser ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) ingen grunn til å bry seg med tidsfristen.

– Innbyggjarane har sagt sitt, og kommunestyret har vedtak på at Sula skal stå åleine. Ingen i Sula har teke opp igjen spørsmålet. Det var ymta frampå i formannskapet om vi skulle ta ein ny runde, men det var det ingen vilje til, seier Røssevoll, som ser at det ville vere fordel å gå inn no og ikkje om to-tre år, viss ein skulle ha slått seg saman.