Tidleg onsdag fekk politiet melding om at tjuvar hadde slått til mot ein rekkje fritidsbåtar i småbåthamna i Haddal. Ulstein-bygda er berre den siste av minst åtte stader som har hatt uønskt besøk dei siste vekene (sjå oversikt under).

– Det er forferdeleg trasig. Eg fekk båten på sjøen for berre nokre veker sidan med ny kalesje og motoren hadde berre gått fem-seks timar sidan siste service, seier båteigar Kjetil Haddal til Sunnmørsposten.

Les også: Flere båteiere er utsatt for tjuveri i Ulstein

Fleire båtar ribba

Ein båt låg i fjøresteinane utan motor, minst ein annan motor var forsvunne og fleire motorar hadde fått losna festa. Om tjuvane vart avbrotne i «arbeidet», eller om dei har gitt opp gjennomføringa, er ikkje kjent.

Saman med fleire andre båteigarar tok Haddal turen ned på småbåthamna onsdag føremiddag. Tjuvane hadde truleg ikkje klart å få med seg den kring 150 kilo tunge påhengsmotoren til Haddal. Båten var flytta til ein «framand» plass, kablane kutta – men motoren låg truleg igjen på botnen i hamna.

– Eg kan ikkje seie det 100 prosent sikkert, men det ser ut til å vere min motor som ligg der, seier han og peiker ned i sjøen.

Forsikringa er i orden, men han likar dårleg det ekstra «heftet» – og ikkje minst at han får eit avbrott i sesongen – også midt i fineversperioden.

Les også: Fem båtmotorar stolne i helga

Kom sjøvegen?

Minst fem motorar i Haddal vart anten stolne, eller forsøkt stolne natt til onsdag og Kjetil Haddal trur tjuvane kan ha kome sjøvegen. Det samsvarer med kva politiet på staden opplyste til Sunnmørsposten. Ei patrulje var onsdag i hamna for å sikre spor. Kva for resultat dei gav, kunne ikkje politiet opplyse om onsdag ettermiddag.

– Driftseininga skal få systematisere spora dei har funne, og undersøke om tjuveria har ein samanheng med dei andre tjuveria vi har hatt, fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre til Sunnmørsposten.

Ber om tips

I politidistriktet har det vore minst 15 båtmotorar som er stolne på åtte ulike plassar dei siste vekene. Sætre seier politiet ønskjer tips om observasjonar rundt båthamnene den siste tida.

– Vi har hatt ein del tjuveri av båtmotorar dei siste vekene – mest på Sunnmøre og ned mot grensa til Sogn og Fjordane. Det er tydeleg at det er nokon som reiser rundt. Vi ber om at dei som observerer noko i nærleiken av båthamner som ikkje pleier vere der, eller på anna vis ser noko som verker mistenkeleg, om å ta raskt kontakt med politiet, seier Sætre.

Politiet går ikkje no ut med ønskje om tips kring spesielle køyretøy eller anna, men håpar hjelp frå publikum kan bidrege til å løyse sakene.

– Det tek litt tid å hekte av desse motorane, kutte kablar og deretter fjerne dei. I det tidsvindauget kan nokon ha sett noko interessant.

Overvakingsbilde

Samstundes er bilde frå overvakingskamera ein mogleg kjelde til spor.

– Mange båthamner har dette og det er mellom tinga det er naturleg å undersøke, seier Sætre.

Politiet i nabodistrikta er varsla, men operasjonsleiaren hadde onsdag ettermiddag ikkje motteke meldingar om at det har vore tilsvarande raid andre stader.

Tjuveri av båtmotorar:

22. mai Straumsnes på Nordmøre – fire motorar stolne.

26. mai Tennfjord i Haram – tre motorar stolne.

27. mai Fjørå i Norddal – to motorar stolne.

28. mai. Gursken i Sande – ein motor stole.

28. mai Hallebygda i Sande – ein motor stole.

29. mai Løsetstranda ved Syvde i Vanylven – ein motor stole.

30. mai Eidså i Vanylven – ein motor stole.

30. mai Haddal i Ulstein – minst to motorar stolne.

Les flere nyheter her

Ein av fleire fritidsbåtar i småbåthamna i Haddal som vart utsett for tjuvar. Tjuvane lukkast å ta med seg motoren på denne båten. Foto: Marius Rosbach